Før kamp: Fredrikstad Sogndal

Me er klare for toppkamp i plankebyen!

> Runde 23, OBOS-ligaen 2023
> Fredrikstad - Sogndal
> Fredrikstad Stadion
> Avspark klokka 15.00

Fredrikstad er neste motstandar, og det er klart for ein viktig toppkamp på Fredrikstad Stadion! Landslagspausen er gjennomført, og no er karadn klare for å kjempe om poeng i OBOS-ligaen igjen. Fredrikstad toppar tabellen med 45 poeng medan me ligg på ein 5. plass med 34 poeng. Det er tett mellom laga på toppen av OBOS, og me har endå opprykk innan rekkevidde! Det blir ein spennande haust, og me treng støtta frå dykk på tribuna!

K P
6 Stabæk 14 23
7 Sogndal 15 23
8 Lyn 15 21
9 Ranheim TF 15 20

I førebuinga til helga spelte me ein treningskamp mot Fjøra på Fosshaugadn på tysdag. Det enda med 5-0-siger etter scoring av Kasper Skaanes, Kristoffer Nessø, Jónatan Jónsson x2 og Sondre Ørjasæter! Det vart ein fin kamp der me fekk jobba mykje med spel mot etablert forsvar og ulike angrepssituasjonar. Me takkar Fjøra for kampen og ønskjer dei lykke til vidare med ein spennande avslutning i Kretsligaen!

Årets funksjonærtur går til Fredrikstad, og ein buss med funksjonærar, samarbeidspartnera, supportarar og andre støttespelarar reiser til plankebyen på kamp. Me håpar at også mange frå austlandsområdet tek turen for å støtta oss. Det kan bli ei flott ramme rundt kampen, og me håpar at akkurat du vil hjelpa oss i kampen om 3 poeng! Billett til kampen kan du kjøpa her:

KJØP KAMPBILLETTEN DIN HER

Runden i OBOS-ligaen byrjar allereie i morgon når Ranheim tek i mot Raufoss. På laurdag er det Sandnes Ulf sin tur når dei møter KFUM. Jerv og Start barkar saman i eit spennande lokaloppgjer på laurdagskvelden. Hovudrunden med dei resterande kampane går søndag klokka 15:00 når fokuset vårt er retta mot Fredrikstad Stadion!

Me gler oss til kamp, og håpar å sjå deg på tribuna i Fredrikstad!

STAO NO PAO!

 

Annonse fra Obos-ligaen: