Forlengar stolt samarbeid med Lerum

Eit av dei lengstlevande og viktigaste partnarskapa i Sogndal Fotball si historie held fram: Lerum AS har forlenga avtalen ut 2026 som ein av klubben sine hovudsponsorar.

Lerum har vore ein sentral støttespelar for klubben gjennom svært mange år, og har hatt ei nøkkelrolle som hovudsponsor. Samarbeidet er tett knytt til stolte tradisjonar i Saftbygda og strekkjer seg langt utover det sportslege.

– Dette er eit samarbeid me set svært høgt. Lerum har vore ein trygg og langsiktig partnar for oss i mange år, og har betydd mykje for utviklinga av både klubben og lokalmiljøet, seier konstituert dagleg leiar Ingrid Narum i Sogndal Fotball. 

Den vidareførte avtalen sikrar føreseielege rammer for satsinga framover, både på og utanfor bana. Sogndal Fotball og Lerum har over tid bygd sterke lokale relasjonar, og vil saman arbeide vidare for å styrkje samarbeidet og skape verdi for klubb, lokalmiljø og nye generasjonar spelarar. 

Administrerande direktør i Lerum AS, Trine Lerum Hjellhaug, er tydeleg på kva samarbeidet betyr: 

– Me i Lerum har vore stolt sponsor av Sogndal Fotball sidan 1981. For oss handlar dette samarbeidet om meir enn berre sponsoratet, det handlar om tradisjonar, stoltheit og lokalt engasjement. Me gleder oss til vidare samarbeid i jubileumssesongen. 

Annonse fra Obos-ligaen: