Forlengar viktig samarbeid med Intersport Sogndal
Sogndal Fotball og Intersport Sogndal har forlenga samarbeidsavtalen sin ut 2027, og styrkar vidare eit langvarig og viktig partnarskap for klubben gjennom mange tiår. Partnarinnhald
Avtalen omfattar både topp- og breiddefotballen, og sikrar tilgang på utstyr, klede og fagleg kompetanse i heile klubben. Samarbeidet legg eit solid grunnlag for aktivitet og utvikling frå dei yngste spelarane og heilt opp til A-laget.
– Dette er ein svært viktig avtale for oss. Intersport Sogndal har over tid vore ein solid og påliteleg samarbeidspartnar som bidreg både med kvalitet og kompetanse inn i klubben, seier konstituert dagleg leiar Ingrid Narum.
Dagleg leiar i Intersport Sogndal, Reidar Dvergedal, er òg tydeleg på betydninga av samarbeidet:
– Sogndal Fotball er det store flaggskipet innan lagidrett i vår region og ein særs viktig samarbeidspartnar for bedrifta vår, og for utviklinga av næringslivet i regionen. Kombinasjonen av toppidrett og breidde passar perfekt inn med vår profil, og skapar stor aktivitet, samhald, ambisjonar og mykje idrettsglede rundt oss.
– Me er svært stolte av å få vere med å levere idrettsutstyr til klubben, og på den måten medverke til å bygge meir aktivitet, identitet og styrke den sterke merkevara som Sogndal Fotball er. Me gratulerer klubben med jubileumsåret og gledar oss stort til eit langt og godt samarbeid også i tida som kjem.
Samarbeidet spelar ei sentral rolle i kvardagen til både små og store spelarar i Sogndal, og er med på å sikre at nye generasjonar får dei same moglegheitene til å utvikle seg, både på og utanfor bana.
I eit historisk jubileumsår for bygda og klubben, der Sogndal IL feirar 100 år og Sogndal Fotball markerer 50 år samanhengande i norsk toppfotball, er Sogndal Fotball og Intersport Sogndal klare til å byggje vidare på historia, styrkje fellesskapet og leggje grunnlaget for nye framsteg i åra som kjem.