Fosshaugane Campus er 20 år
Jubileum for vårt flotte anlegg.
Fosshaugane Campus vart offisielt opna i juli 2006.
I forkant av kampen mellom Sogndal og Bryne var ei rekkje prominensar samla til den offisielle opninga. To statsrådar, Liv Signe Navarsete og Heidi Grande Røys, fylkesmann Oddvar Flæte, fylkesordførar Nils R. Sandal, ordførar Karen Marie Hjelmeseter, fotballpresident Sondre Kåfjord og sist, men ikkje minst, Trond Mohn, som med sine 15 millionar kroner bidrog sterkt til utbygginga. Arkitekt Guro Fonsdal innrømma at det var ei utfordring, men var stolt over det dei fekk til.
Bakgrunnen for utbygginga var NFF sitt krav om betre stadionfasilitetar, kostnadsrekna til 40 millionar kroner. Dermed tenkte Sogndal-leiinga stort. I samspel med staten (Høgskulen), fylkeskommunen og kommunen vart Fosshaugane Campus ein realitet. Eit imponerande byggverk som i dag, 20 år seinare, har vorte eit fullverdig campus- og stadionanlegg med ei rekkje store aktørar. Sogndal Campus husar kring 1100 arbeidsplassar, fordelt på kring 50 ulike offentlege og private verksemder. Og framleis er det planar om vidare utbygging og nye leigetakarar.
Den totale utbygginga utgjer i dag kring 3 milliardar kroner. Av dette står Sogndal Fotball og eigarselskapa kring klubben for rundt 600 millionar kroner.
Det er dette som er blitt kjent som Sogndalsmodellen. Ei utvikling driven fram av langsiktig samarbeid, ambisjonar og tru på at ei lita bygd kan få til store ting når kreftene dreg i same retning.
Kunnskap, næringsliv, forsking, helse og idrett.
Dette er Sogndal Campus anno 2026.
Og ja, det høyrer òg med til historia at Sogndal vann opningskampen. Bryne vart slått 2–0 etter seremonien i 2006. Rune Bolseth var den store profilen med eitt mål og ein målgjevande pasning til Håvard Flo, som sette inn kampens andre scoring.
Foto: Arkiv, Tor Yttri, Bård Basberg (nyere Campus-foto).