Fosshaugane Campus i utvikling
No er arbeidet med Svingenbygget i gang! Fosshaugane Campus
No er arbeidet med Svingenbygget i gang, og det er eit stort prosjekt som bidreg til vidare utvikling av Fosshaugane Campus. Svingenbygget er kortsida av stadion i retning Sogndalsfjøra, og den kommande tida vil det føregå annleggsarbeid her. Det har over tid vorte jobba godt med prosjektet, og me er no glade for at arbeidet er i gang.
- Utvikling av Campus er viktig for heile regionen. Slik sikrar me at både me og andre aktørar i regionen greier å utvikle seg og skape rom for nye arbeidsplassar. På Fosshaugane var det berre ei privat bedrift når me starta arbeidet med Campus, og det var idretten. No er det 50 små og store bedrifter som er samla, og det er dei to største som flyttar inn i nye lokale i Svingenbygget. Det er også bedrifter som starta her hjå oss, og som no har etablert seg andre stadar i kommunen, fortel prosjektleiar Yngve Hallén.
Prosjektet har ei totalramme på 106 millionar inkl. moms, og er ei stor investering. I tøffe økonomiske tider er det utfordrande å få til slike prosjekt, men no er arbeidet altså straks i gang:
- Me starta opp i 2021, og søkte om dispensasjon for prosjektet. Våren 2023 fekk me dispensasjonen innvilga, og det var planlagt byggestart på hausten 2023, men det var nokre brikker som ikkje var på plass. No er alt på plass, og me reknar med å ha starta opp før sommaren, held Hallén fram.
Andreetasje av Svingenbygget skal rivast, og så skal det byggast tre nye etasjar. Det nye bygget vil altså innehalde 4 etasjar, og ikkje 2 slik som i dag. Bygget skal leigast ut til bedrifter, og blir flotte lokaler for dei nye leigetakarane. I dei to øvste etasjane er det Vestlandsforsking og Norconsult som etablerer seg i kvar sin etasje. I resten av bygget jobbast det no for å legge til rette for andre bedrifter. Prosjektet skal etter planen vere ferdigstilt hausten 2025.
Prosjektleiar Yngve Hallén har vore ei viktig brikke for å få til prosjektet. Saman med styret i Sogndal Fotball hatt ansvaret for prosjektet, og jobba med å få det til. Styreleiar Jan Rune Årøy og styremedlem Line Bjelde blir også trukke fram som viktige ressursar i arbeidet.
Det nye Svingenbygget er eit moderne bygg, og prosjektet har ein sterk berekraftsprofil knytt til både miljø og energi. Det er viktig at me tek vår del av ansvaret for klima og miljø, og dette bygget bidreg til å gjere Fosshaugane Campus endå meir berekraftig og energieffektiv.
- Fyrsteetasje skal utviklast til fellesfunksjonar for idretten. Bygget blir brukt til garderobeanlegg, sosiale rom, auditorium og andre funksjonar som kjem idretten til gode, legg Hallén til.
Me gler oss til arbeidet er ferdig, og me får eit nytt flott bygg på Fosshaugane Campus!
STAO NO PAO!