IMG_9907

Fotballkveld saman med FBK Voss

Me har vore gjestar på FBK Voss sin fotballkveld

Tysdag 23. april arrangerte FBK Voss fotballkveld i sine flotte lokaler på Voss. Me var så heldige at me fekk kome på besøk, og Rasmus Mo, Terje Teigen og Tore André Flo hadde kvar sitt innlegg for dei frammøtte.

FBK Voss er ein av samarbeidsklubbane våre, og me er glade for å bli invitert til Voss. Førre tysdag vart ein kveld med inspirerande talar, spennande historiar og god relasjonsbygging på tvers av klubbane.

Dagleg leiar i FBK Voss Hallgeir Finbråten opna programmet og ønskte velkommen. Turneringsleiar for Voss Cup, Kjersti Solvoll Bakketun, fortalte forsamlinga om status for Voss Cup 2024. Ho kunne blant anna fortelje om gode påmeldingstal, og at ein var godt i rute før årets turnering. 

IMG_9895.jpeg
Rasmus Mo engasjerar dei frammøtte på Voss

Vidare i programmet var det Rasmus Mo sin tur. Han haldt eit innlegg som fekk fram mykje smil og latter i rommet. Bodskapet frå vår konstituerte daglege leiar var: ver stolt! Han framheva kor viktig det er å få fram alt det flotte ein får til, og at ein må snakka høgt om det. "De må snakka så høgt at me høyrer det heilt til Sogn! Det fortener de, for jobben som blir gjort er det verdt å skryte av!"

Etter Ramus Mo sitt innlegg var det marknadsansvarleg Terje Teigen sin tur. Han fortalte om korleis kvardagen er i Sogndal Fotball, viktigheita av å vera synleg og korleis skapa gode relasjonar med samarbeidspartnarane. Han snakka også om den gode samarbeidsavtalen mellom klubbane, og understreka at dette var ein god ting for Sogndal Fotball.

Til slutt i programmet var det hovudtrenar Tore André Flo sin tur. "Aller fyrst må eg få seie at det er utruleg fint her. Eg må alltid stoppe når eg skal forbi Voss". Vidare fortalte han om karriera si som fotballspelar og historiar frå tida på landslaget. Praten gjekk deretter vidare til Tore André som fotballtrenar, og det vart opna for spørsmål frå salen. 

FBK Voss Tore Andre.jpg
Tore André Flo fortel om karriera si

Hallgeir Finbråten avslutta programmet, men fekk ei overrasking frå Sparebanken Vest Voss medan han fortalte om FBK Voss sitt nyaste tiltak. Dei har no oppretta eit aktivitetsfond som gjer at medlemmar med dårleg råd kan søkja om støtte til utgifter til fotballaktivitet. På den måten sikrar ein i større grad at alle kan få spele fotball. Banksjef i Sparebanken Vest på Voss, Magnus Tveit, kunne då fortelje at dei bidreg med midlar til dette flotte tiltaket. 

Ein flott kveld vart avslutta med pizza og mingling. Tusen takk til FBK Voss for invitasjonen! 

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: