Fotballskule med Sogndal Fotball i veke 33

Påmelding open!

Sogndal Fotball og Sogndal FK Damer inviterer gutar og jenter, fødde 2014–2020, til fotballskule i veke 33.

Det blir tre dagar fylte med fotballglede, leik og aktivitet saman med flinke trenarar frå begge klubbane!

Sogndal Fotball arrangerer for gutane, medan Sogndal FK Damer arrangerer for jentene. Info og påmelding for jentene finn ein på Sogndal FK Damer sine sider.

Påmeldingsfrist er 4. august: Påmelding gjer du her!

Praktisk informasjon

Stad: Sognahallen og Kvåle stadion

Dagar: Måndag 10. – onsdag 12. august

Pris: Kr 800,–

Slik ser dagane ut for gutane

Måndag (Sognahallen) og tysdag (Kvåle Stadion): Økt 1 kl. 10:15–11:30, lunsj kl. 11:30–12:00, økt 2 kl. 12:00–13:15

Onsdag (Kvåle Stadion): Økt kl. 10:15–11:30, og deretter grilling fram til kl. 12:00

Det blir fokus på leik og moro, og alle skal få oppleve både utfordringar og meistring. Dagane er bygde opp av økter med ein matpause midt på dagen, og den siste dagen rundar vi av med grilling saman.

Søskenrabatt

Ordinær pris er kr 800,– per deltakar. For familiar med fleire deltakarar gjev vi kr 200,– i søskenrabatt for kvar ekstra deltakar.

Registrering og oppmøte

Registrering skjer i Sognahallen måndag 10. august frå kl. 09:45. Dei andre dagane er oppmøte rett før første økt.

Hugs å ta med

Alle må ha med eigen ball og drikkeflaske desse dagane!

Påmeldingsfrist: 4 august

Annonse fra Obos-ligaen: