FotballtrøyeFredag

I kampen mot barnekreft

Fredag 6. mai er alle invitert til Barnekreftforeningen sin årlege FotballtrøyeFredag

Bli med på laget og bli med i kampen mot barnekreft! Uavhengig av kva for eit lag ditt fotballhjarta slår for har me bruk for ditt heiarop og di støtte.

Sogndal Fotball vil óg delta på dette flotte tiltaket, og oppmodar alle om å bidra!

Slik kan du bidra:

1. Vipps 50 kroner til 705404
- Eller gi  eit valfritt beløp, og du er med på laget!

2. Ta på fotballtrøye
- Ta på di favorittrøye fredag 6. mai - anten du skal på jobb, skule, i barnehagen eller er heime. Det er lov med fotballtrøye heile helga.

3. Del din #FotballtrøyeFredag
- Hjelp oss å nå ut til endå fleire deltakarar! Del eit bilete av ditt FotballtrøyeFredag-augeblikk og tagg det med #fotballtrøyefredag i sosiale medier.

Barnekreftforeningen sitt mål er å samla eit stort lag med "vanlege folk", fotballentusiastar, klubbar, foreninger og bedrifter som ønskjer å bli med i kampen mot barnekreft. Få med deg familie, vener, kollegaer, lagkameratar og lagvenninner og bli med på FotballtrøyeFredag 6. mai i år.

Annonse fra Obos-ligaen: