Frå student til trenarjobb via Sogndal Fotball!

Gard Reppen Vigdal har tatt steget vidare til trenarjobb via erfaringar i Sogndal Fotball!

Gard Reppen Vigdal, f. 2003, har vore ein del av utviklingsavdelinga til Sogndal Fotball gjennom studiet på Høgskulen. No har han flytta til Asker og byrja i ny jobb innan idretten med gode erfaringar frå tida i klubben.

Sogndal Fotball har eit godt samarbeid med HVL Sogndal, og det er mange som har kome til oss gjennom studiet. Faktisk er det fleire av dei tilsette i dag som byrja som studentar med ei mindre rolle i klubben, før dei no har vorte tilsett som trenarar i utviklingsavdelinga. Gard Reppen Vigdal er eit eksempel på at tida i Sogndal Fotball også kan gi moglegheiter på gode jobbar innan idretten utanfor Saftbygda.

Gard sitt fyrste møte med Sogndal Fotball var gjennom ei eksamensoppgåve med hjelp frå ein spelar i Sogndal 2-troppen. Dette gjorde han i tett samarbeid med dåverande fysisk trenar på A-laget, Knut Ripe:

- Eg skreiv ein eksamen der ein spelar på Sogndal 2 var objektet for studien. Det handla om ein som skulle tilbake til trenings- og kampkvardag etter lengre tid ute med skade. Nokre månadar etterpå kom eg inn i klubben via praksis i to fag som heiter coaching og trenarrolla og ferdigheitslæring. Slik kom eg i kontakt med Erling Ola Fykse, og fekk oppgåver i klubben som var relevant for utdanninga mi. Ein såg at det var behov for ressursar rundt det fysiske tilbodet i utviklingsavdelinga, så då fekk eg vere med lenger, fortel han.

- Rolla mi bestod av alt frå å lage treningsopplegg til å ha ansvar for dei fysiske øktene, altså både styrke- og mobilitetstrening, for dei nasjonale laga i klubben. Når eg var i praksis her jobba Kasper Lie i utviklingsavdelinga, som gjorde at eg fekk jobbe litt saman med han. Etter at han vart ein del av A-laget har eg fått vere med på styrketrening og diverse testar med dei også, held han fram.

Gard Reppen Vigdal og Joakim Nundal på trening
Gard Reppen Vigdal på treningssenteret med A-laget

Gard fortel at han vart tatt veldig godt i mot i klubben, og at samarbeidet med Høgskulen på Vestlandet gir ein stor fordel for studentane. Å få utføre teorien i praksis har gjort utdanninga ekstra lærerik og nyttig:

- Eg kunne ikkje bedt om å bli tatt i mot på ein betre måte. Det var Erling Ola Fykse som var sjef for utviklingsavdelinga, og han tok meg i mot med opne armar. Samarbeidet med Høgskulen på Vestlandet opplever eg som veldig godt. Det er ein kjempefordel at alt ligg så tett, og at ein får nytta seg av det ein har lært på skulen i praksis. OBOS-ligaen er jo toppidrett, så det å få ta del i ein toppidrettskultur trur eg har mykje å seie. Ein får så mykje input berre ved å gå i gangane her, og gode referansar på kor bra alt skal vere, og må vere for å henge med dei beste. Fokuset er alltid på prestasjon, og korleis prestasjonen kan bli best mogleg, fortel han.

- Eg er veldig takksam for at eg har fått vera med på så mykje. Det er ikkje alle stader ein blir tatt så godt i mot, og får vere så tett på eit lag i OBOS-ligaen. Eg har både fått vere med å sjå, men i tillegg få utføre det i praksis og prøve meg i rolla som fysisk trenar, held han fram.

Gard har blant anna vore involvert som fysisk trenar for Sogndal NG17!
Gard har blant anna vore involvert som fysisk trenar for Sogndal NG17!

Gard er no ferdig på studiet i Sogndal, og vegen vidare byr på nye utfordringar innan idretten. Han flyttar austover og har fått jobb innan både fysisk trening og fotballen:

- Mitt neste steg er at eg flyttar til Asker. Der kjem eg til å ha ein litt todelt jobb. Eg kjem til å jobbe som fysisk trenar i fotball og ishockey via treningssenteret Actic Asker. Kva slags fotballklubbar eg skal jobbe med er ikkje heilt klargjort enda, men på ishockeysida skal eg jobbe med Frisk Asker. Samstudes kjem eg også til å jobbe som PT. På kveldstid skal eg vere fotballtrenar for Holmen G14.

Gard avsluttar med å rose Sogndal Fotball og det flotte miljøet i bygda:

- Det har vore ufatteleg kjekt å få vere ein del av Sogndal Fotball. Ein møter mange spelarar og føresette når ein har vore involvert i alt frå akademiet til A-laget. Det er mange fine folk, og miljøet er verkeleg bra. At samfunnet er så lite er fantastisk, og ein blir godt kjend også utanfor fotballen.

Me ønskjer Gard masse lukke til i ny jobb, og takkar for innsatsen i Sogndal Fotball!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: