Fredriksen til FK Haugesund

Ulrik har skrive kontrakt med arabarane

Sogndal Fotball og FK Haugesund er samde om ein overgang for Ulrik Fredriksen. Han blir Haugesund-spelar ut sesongen 2023.

Ulrik har gått gradene i Sogndal, og var med til Gran Canaria som hospitant frå Sogndal 2 i 2017. Han imponerte under preseason, og fekk sitt første offisielle innhopp i cupkampen mot Fjøra. Han debuterte frå start mot nettopp Haugesund i mai dette året, og det vart ein debut for historiebøkene, der han vart kåra til banas beste og fekk raudt kort.

Tilsaman har Ulrik spelt 79 offisielle kampar for Sogndal, og han står bokført med fire skåringar. Han var óg svært delaktig på G19-laget som vann både NM og Skandinavisk Meisterskap i 2018.

- Ulrik har vist god utvikling her hjå oss, både på klubb- og landslag. No var han moden for spel i Eliteserien,og det er kjekt at me kan selga enda ein spelar til landets øverste divisjon. Me skulle gjerne hatt Ulrik med oss her vidare, men tida var der no for å ta nye steg, seier trenar Eirik Bakke.

Ulrik har vore ein flott gut å ha i gjengen her og me ynskjer han mykje lukke til i Haugesund!

Annonse fra Obos-ligaen: