
Entusiasme og Felleskap
Frydenbø har signert ny samarbeidsavtale med Sogndal Fotball Partnarinnhald
Frydenbø Bilsenter er det komplette bilhus der du får hjelp til ditt bilhald frå kjøp til gjenkjøp. Om du vel nybil eller bruktbil har dei kompetansen, viljen og systema for å følgje deg opp gjennom heile bilhaldet.
- For Frydenbø er det viktig å vera ein del av nettverket til Sogndal Fotball og Fosshaugane Campus. Gjennom samarbeidet er me med å bygge merkevaren Frydenbø, og gjer folk kjend med produkta våre, fortel salssjef Rune Døsen i Frydenbø avd. Sogndal.
- Søndag 16. september arrangerer me Frydenbø Familiedag saman med Sogndal Fotball. Her vil det vera aktivitetar for store og små i Sognahallen. Dei små er allereie kjed med konseptet, men nytt av året er at det vert ei bilutstilling for dei vaksne. Så me håper folk held av denne datoen og tek familien med til Sognahallen, seier Døsen.
Fosshaugane Campus bildelingsbil - Volvo XC40
Sogndal Fotball ynskjer å få ned bruken av privatebilar inn og ut av Campus. Det er difor kjøpt inn ein ny Vovlvo XC40 som skal gå som ein bildelingsbil for leigetakarane på Fosshaugane.
Vovloen er sjølvsagt levert av Frydenbø, og me håper at denne vert flittig brukt.
Me ser fram til eit spennande samarbeid med Frydenbø og er glad for å ha dei med på laget. Stao no pao.