Funksjonærsamling 17. juni
Me inviterer alle som er funksjonærar på heimekampane våre til ei ny samling før ferien onsdag 17. juni på Fosshaugane Campus.
Dette vert ein sosial møteplass der me kan oppsummere og evaluere sesongstarten, dele erfaringar frå dei første kampane og sjå fram mot ein spennande sommar- og haustsesong saman.
Nokre av våre A-lagsspelarar kjem òg innom samlinga for å helse på og gi oss ein liten status frå sesongen så langt.
Kanskje vurderer du å bli funksjonær? Då er dette ein fin arena for å bli betre kjend med miljøet.
Tid: Onsdag 17. juni kl. 16.30–18.00
Stad: Flostova, Fosshaugane Campus
Enkel matservering
Påmelding innan 15. juni. MELD DEG PÅ HER
Spørsmål? Kontakt Andreas Nydal, tlf. 904 06 832
Me håpar å sjå deg der!
Utan funksjonærar – ingen kamp!
Bli med å skape kampdag - meld deg som frivillig
Sogndal Fotball er avhengig av engasjerte funksjonærar og vakter for å kunne gjennomføre gode kampopplevingar på Fosshaugane Campus. Har du lyst til å bidra i fellesskapet rundt klubben, høyrer me gjerne frå deg. Meir informasjon finn du her.