Funksjonærsamling 25. mars
Me sparkar i gong sesongen og inviterer alle funksjonærar til samling onsdag 25. mars på Fosshaugane Campus.
Dette vert ein sosial og viktig møteplass der me ladar opp til ny sesong, og deler nyttig informasjon om kampdag for deg som er funksjonær eller vakt på heimekampane.
Også du som er nysgjerrig på å bli med er velkomen! Her får du innsikt i roller og kampdag, møte klubben frå innsida – og bli ein del av eit sterkt og kjekt fellesskap.
Tid: Onsdag 25. mars kl. 16.30-18.00
Stad: Fosshaugane Campus, Flostova
Enkel matservering (pizza)
Påmelding innan 23. mars. MELD DEG PÅ HER
Me håpar å sjå deg der! Utan funksjonærar – ingen kamp!
Spørsmål? Kontakt Ingrid Narum, tlf. 926 01 421.