Gisle Olsen er ny dagleg leiar i Sogndal Fotball!

Sogndal Fotball har gleda av å presentere vår nye daglege leiar, Gisle Olsen

Sogndal Fotball har gleda av å presentere vår nye daglege leiar, Gisle Olsen. Han tiltrer i stillinga som dagleg leiar i Sogndal Fotball frå 1. august 2024.

Gisle Olsen er fødd 29. juni 1966, og har ei lang karriere innan leiarskap og fotball. Med 30 års erfaring frå norsk næringsliv har han mange kvalitetar som kan hjelpe Sogndal Fotball i framtida.

- Eg er grundig, ansvarsfull og har fokus på sluttresultat. Eg er god til å skape relasjonar, har brei erfaring med å få folk til å samarbeide, og blir motivert av å spele folk gode, fortel vår nye daglege leiar.

Gisle Olsen.jpg
Gisle Olsen er ny dagleg leiar i Sogndal Fotball

Etter at det i januar vart kjent at Lars-Olav Hausberg fråtredde frå si stilling som dagleg leiar i Sogndal Fotball har styret jobba med å finne ein god erstattar. Styreleiar Jan Rune Årøy fortel om ein god prosess i jakta på den riktige kandidaten:

- Etter ein god og grundig tilsetjingsprosess, har vi no tilsett Gisle Olsen som vår nye daglege leiar i Sogndal Fotball. Gisle startar i stillinga 1. august, og ser fram til å bli kjend med organisasjonen, Saftbygda og våre gode samarbeidspartnarar. 

Intervju med vår nye daglege leiar kjem ved ei seinare anledning. Rasmus Mo held fram som konstituert dagleg leiar fram til Gisle Olsen tiltrer.

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: