Gjensyn med Lysekloster i cupen

Vegen til Ullevaal tek ein sving ut mot kysten

Etter siger mot Førde i første runde av NM 2023, går me til ny bortekamp i andre runde. 

NM 2023 - Terminliste

Den kampen går allereie torsdag 1. juni, avspark er klokka 18:00 - og me skal møta Lysekloster, som tok seg vidare til andre runde etter 1-0 mot Os.

Me møtte Lysekloster i cupen i 2015. Då vann me 5-1 Ein liten fun fact her er at Kristian Rutlin debuterte mot slutten av den kampen, og på torsdag voktar Kristian buret til Fjøra når dei tek i mot Brann. Ein som óg fekk debut på A-laget var Fredrik Flo, som like godt skåra etter berre nokre minutt på bana. 

Slik går 2. runde - alle kampane har avspark torsdag 1. juni klokka 18:00 

Fjøra – Brann
Lysekloster - Sogndal

Skjervøy – Alta
Tromsdalen – Tromsø
Mjølner – HamKam
Junkeren – Bodø/Glimt
Melhus – Molde
Byåsen – Aalesund
Strindheim - Ranheim
Stjørdals/Blink – Rosenborg
Levanger – Kristiansund
Brattvåg – Hødd
Fana – Åsane
Stord – Haugesund
Sotra – Sandnes Ulf
Vidar – Viking
Vard Haugesund – Bryne
Arendal – Jerv
Notodden – Odd
Halsen - Start
Eik Tønsberg - Strømsgodset
Ørn Horten – Fredrikstad
Gjøvik/Lyn - Kongsvinger
Gjelleråsen – KFUM
Ull/Kisa – Lillestrøm
Strømmen - Mjøndalen
Frigg – Sarpsborg 08
Bærum – Skeid
Lyn – Vålerenga
Grorud – Raufoss
Kjelsås – Stabæk
Kvik Halden - Moss

 

Annonse fra Obos-ligaen: