Gjev pris til Krossen

Årets trenar i barne- og ungdomsfotballen.

På kretstinget i NFF Sogn og Fjordane i helga, fekk vår eigen Nils Tore Krosshaug prisen for Årets trenar i barne- og ungdomsfotballen.

G19 -laget vårt spelte seg fram til semifinale i NM og har kvalifisert seg til 2. runde i UEFA Youth League med Krossen som hovudtrenar.

- Dette er stas, men det er på ingen måte eit einmannsverk, seier Nils Tore og trekkjer fram heile teamet rundt G19-laget.

- Henrik Furebotn og Sondre Skrede og alle saman rundt laget har ein del i denne prisen, seier han.

Etter 31 år som fotballtrenar, fekk den høgreiste frå Leikanger endeleg ein pris.

- Ja, det var øye kjekt, smiler Krossen, som hadde på seg finaste dressen i helga.

- Eg må jo retta ein takk til klubben som har latt meg få trena desse gutane, og det er jo først og fremst på grunn av dei at eg fekk oppleva dette!

- Som trenar er eg avhengig av at gutta på bana gjer jobben, og dette er ein utruleg disiplinert og lojal gjeng som tek nye steg heile tida og har vist ein voldsom fin utvikling. Me kan alle vera stolte over denne prisen, avsluttar Nils Tore Krosshaug.
 

Krossen
Stolt prisvinnar

Også Thea Bjelde fekk ei oppmuntring etter ein trøblete sesong der ho har gått skada mesteparten av tida. Ho fekk den høgthengande Tullenprisen, noko som er vel fortent! Les meir om dette i Sogn Avis.

Thea 2018
Thea Bjelde i 2018

Me gratulera begge so mykje. Stao no pao!

Annonse fra Obos-ligaen: