God dialog og tett samarbeid med Saftkokaradn!

Sogndal Fotball og Saftkokaradn gjennomførte årets fyrste samarbeidsmøte i går!

Saftkokaradn er våre trufaste supportarar som støttar oss både på heimebane og i resten av landet. Gjennom året har representantar frå Sogndal Fotball jamnlege møter med styret i Saftkokaradn.

Saftkokaradn er vår offisielle supportarorganisasjon. Namnet er henta frå Sogndal si over hundre år gamle hjørnesteinsbedrift og vår gullpartnar, saft- og syltetøyprodusenten Lerum. Supporterklubben vart etablert i 2001, og består i dag av rundt 170 medlemmar med eit organisert styre. Saftkokaradn er til stades og bidreg til tribuneliv både på heime- og bortebane. Dei er også sterkt representert på Sogndal FK Damer sine kampar, og ein viktig støttespelar til damefotballen i fylket. Dei er alltid på utkikk etter nye medlemmar, og om ein ønskjer å bidra er det mogleg å bli støttemedlem!

Les meir om Saftkokaradn på deira eigne sider!

I går var det klart for årets fyrste samarbeidsmøte, og dagleg leiar Gisle Olsen var vår representant på møtet. På samarbeidsmøta er det mange ulike tema som står på agendaen, og i januar er det både evaluering av fjoråret og planlegging av det som skal skje den kommande sesongen. Døme på ting som blir diskutert er samarbeid om borteturar, gjennomføring av arrangement, avtalar for medlemmane i Saftkokaradn og mykje meir.

F.v. styreleiar Øyvind Heimset Larsen, Therese Langeland, dagleg leiar Gisle Olsen, Sivert Saur, Svein Helge Steinsåker og nestleiar Sondre Henjum Bremer
F.v. styreleiar Øyvind Heimset Larsen, Therese Langeland, dagleg leiar Gisle Olsen, Sivert Saur, Svein Helge Steinsåker og nestleiar Sondre Henjum Bremer Ikkje tilstades: Sindre Tjørhom Myrvang

Styreleiar i Saftkokaradn, Øyvind Heimset Larsen, fortel om eit godt samarbeid:

- Saftkokaradn har sidan ein unødvendig profilert konflikt i media i 2009 ønska direktedialog med klubben vi støttar i med- og motgong. Difor har vi årleg no 3-4 formelle samarbeidsmøte med Sogndal Fotball (og Sogndal Fotballklubb Damer) i tillegg til all uformell dialog. Vi meiner mykje om kva som må til for å skape stemning og oppmøte på tribunene her og elles i landet. Nokre gonger er det naturleg å formidle dette via våre kanalar, andre gonger ser vi størst nytte av å målbere det direkte. Vi har dei siste åra hatt eit godt samarbeid og tillitstilhøve til klubben basert på dialog, sjølv om vi stundom er sterkt usamde. Vi nyttar på møta sjølvsagt høve til å stille kritiske spørsmål samtidig som vi legg fram våre planar framover. Eit vanleg tema er kva vi kan og bør samarbeide om både på heimekampar, borteturar og kva som kan gjere klubben vår synlegare og betre.

Me er glade for at samarbeidet fungerer og at dialogen er god. Saftkokaradn bidreg til at me kan bli endå betre, og sørger for at me alltid utviklar oss. Samtidig håpar me å bidra til at Saftkokaradn blir fleire og tek nye steg både på heimebane og bortebane!

Bli medlem i Saftkokaradn her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: