God gjennomkøyring mot Stabæk

Det enda 1-1 i Valdres Storhall mot Stabæk

Me fekk ein ny god test mot eit godt Stabæk-lag i dag. Etter ein jamn fyrsteomgang og 1-1, fekk me jobba mykje med strukturen i andreomgang. 

Kampen byrja litt rotete for vår del og allereie etter 6 minutt kom målet i mot. Stabæk pressa oss frå start og kom litt for enkelt til avslutning. Heldigvis vart ikkje karadn prega av det tidlege baklengsmålet.

Som mot Aalesund i førre kamp slo ein tilbake etter mål i mot. Denne gong var det Erik Flataker som skulle stange ballen i mål. Diogo Brás, som i dag spelte venstreback for ein skada Sjølstad, fekk ballen ute på kanten. Der viste han at han har to gode pasningsføter og svinga inn eit perfekt innlegg med venstrefoten. I feltet var Erik Flataker best, og stanga ballen ned i det lengste hjørnet. Fortent utlikning etter ein god periode av karadn.


I andreomgang gjekk det lenger mellom sjansane, og Stabæk hadde mest ball. Ein vart pressa bakover i bana og fekk verkeleg jobbe med strukturen i forsvar. Karadn stod bra i mot og gjorde det vanskeleg for Stabæk å kome til dei store sjansane. Keeper Daniel Sætren gjorde ein ny god kamp mellom stengene, og måtte ut i full strekk ved nokre anledningar. Stopparparet Mathias Øren og Sander Granheim stanga vekk det meste, og det vart ingen fleire scoringar i kampen. Assistenttrenar og toppspelarutviklar Patrik Karoliussen summerte kampen slik:


Alt i alt vart det ein ny god gjennomkøyring mot eit godt lag. Det er mange lyspunkt å ta med seg, og ekstra kjekt var det å sjå Kristoffer Steinset tilbake frå skade. Midtbanespelaren har vore igjennom operasjon og ein lang opptreningsperiode før han fekk dei siste 10 minutta i dagens kamp.

Neste kamp i oppkøyringa er på bortebane mot Brann neste helg. Kampen spelast laurdag 15. mars kl. 15:00 på Åsane Arena. Her får me verkeleg testa oss mot god motstand, og me håpar at alle supportarar i Bergen tek turen til Åsane Arena!

STAO NO PAO! 

Annonse fra Obos-ligaen: