God jul frå Sogndal Fotball

Egil Mundal om året som snart er over

Då er nok eit år i ferd med å ebbe ut, og på Fosshaugane har mykje skjedd. For dei som vil ha eit innblikk, kjem det nokre ord om året som har gått, og nokre tankar for tida som kjem.

På bana har ein svolten, ung spelartropp har levert godt, og ein ung og like svolten trenargarderobe har leia og utvikla spelarane frå sidelinja.

Leiaren Eirik og hans menn

Eirik Bakke er eit stort leiartalent, og til liks med pappa Svein trivest folk godt rundt Eirik.

Han har utøvd eit moderne leiarskap, der Terje Skjeldestad og resten av trenarteamet har fått ansvar og muligheiter, og dei har grepe muligheitene. Terje har i ei årrekkje også vore med i aldersbestemte landslag som trenar, og har teke med seg mykje inspirasjon og kunnskap heim.

Ole Erik Grinde har verkeleg klart å gjere mental trening og sjølvregulering til ein naturleg del av kvardagen til spelarane våre i sitt doktorgradsarbeid.

Sjølv om Helge Haugen (uforklarleg nok!) set kursen mot Bergen og Brann, har han bidrege til å kople fysisk trening og idrettsvitskap til nye nivå i Sogndal.

Saman med resten av støtteapparatet har denne gjengen gradvis utvikla eit spelkonsept som skal prege Sogndal i åra som kjem. Knallhard fysisk trening, høgt press og gjenvinning er sentrale stikkord.

Sogndal – Rosenborg på Fosshaugane i mai har i dette bilete blitt det me kallar ein referansekamp, og viser kva gjengen både på og rundt bana er kapable til. Denne kampen skil seg også ut på målingane våre frå sesongen 2016, og heile sesongen har 20-40% høgare intensitet i høve sesongen 2015.

Yngve kom heim

På Fosshaugane har Yngve Hallén kom i vinter heim etter 6 år som fotballpresident.

Me har lenge hatt ynskje om å reindyrke eigedoms- og samfunnsdelen av klubben, nemleg Fosshaugane Campus. Med Yngve tilbake var timinga god for å gjere desse grepa. Frå årsskiftet vil vårt dotterselskap Sogndal Fotball AS reindyrke eigedsomdrifta, eit selskap med ein omsetnad som etter kvart har passert 30 millionar kroner.

Det tok ikkje lang tid frå Yngves heimkomst til at også heisekranen var attende!

Fosshaugane er fullt, og skal ein utvikle vidare må ein utvikle! Om lag 1500 m2 næringsareal står klart til hausten, og skal romme både eksisterande og nye leigetakarar, der ei utvida satsing mot gründarar og virkemiddelapparat står sentralt.

For min eigen del legg eg ikkje skjul på at heimkomsten til Yngve har vore særs velkomen. Klubb og Campus har utvikla seg mykje det siste tiåret, og det har tidvis vore eit vakse ansvar å ha. Det var både tenleg og naudsynt å dele ansvar og oppgåver, og saman med styret har me laga ei god organisering for framtida.

Synlege for omverda

Tippeliga betyr mykje nasjonal merksemd, og gjev næringslivet i regionen muligheit å være  synleg på ein nasjonal arena. 40 millionar har sett Sogndal på nasjonal TV i 2016.

Andre bedrifter har og ser verdiar av den motoren og møteplassen Fosshaugane Campus har utvikla seg til å bli. Me passerte 20 millionar kroner i omsetnad frå sponsorar og forretningspartnarar i 2016, det er store beløp som me skal forvalte med respekt.

I desember brukte me veldig kort tid på bli samde med vår aller støste partnar, Sparebanken Vest om å «stao pao saman» i nye 5 år.

Dette vitnar om to forretningspartnarar med høg gjensidig tillit. Dessutan er det honnør til alle tilsette i klubben som leverer dagleg for at eit slikt samarbeid og tillit har vakse fram. 140 partnarar er med oss, me håpar enno fleire vil bli med på laget i 2017!

I Oktober fylte me Fosshaugane Campus med 5600 besøkande, for fyrste gong i Campus sin historie! Mange faktorar gjer at me klarar å ta dei siste stega til å fylle stadion.

I høve tidlegare år når me har stoppa på rundt 5000 gjester, har me i 2106 to nye bidrag: Me etablerte kommunikasjonsansvarleg i klubben i Januar, og Hilde Østbø har løfta arbeidet vårt mykje i vår kommunikasjon med omverda. Eit topp moderne billettsystem innførte me også i 2016, den herleg ambisiøse gjengen frå Ticketco i Bergen har også bidrege til enklare og langt betre løysingar.  

Framgang og utvikling driv meg som leiar. Det kan nok til tider være slitsamt for andre, men eg har funne ein god boltreplass på Fosshaugane.  Her kan me kan kople ulike kunnskapsmiljø, studentar, seniorar, teknologi, media og sport saman med det som er ein stor utviklingskultur. 

Better Player

I 2016 har me etablert eit selskap som er i skjeringspunktet mellom teknologi, garderobe og idrettsvitenskap. Namnet er Better Player AS, og skal som namnet seier være eit verktøy for spelarar og trenar til å utvikle individa på eit lag. Det er eit spanande produkt i ein internasjonal, tøff bransje. Det er ein lang veg å gå, men me håpar sjølvsagt at eit produkt «made in Sogndal» kan bli til både ny kunnskap og nye arbeidsplassar rundt klubben. I 2017 skal me avdekke om selskapet er kommersielt levedyktig, og evt hente kapital til ei større satsing. Det blir spanande å følgje utviklinga.

Takk Bolli!

I november spelte ei ekte Sogndalslegende sin siste kamp. Rune Bolseth har alltid vore patriot, og sett bort frå nokre år på Hønefoss, har han vore her sidan 1999. Over 400 kampar spelte han for klubben, og det var ein del våte auger på Fosshaugane då han takka av mot Aalesund i november. Eg håpar me i framtida vil ha fleire som Bolli, men det blir lenger og lenger mellom desse typane.

Heldigvis skal Rune være med oss vidare. 

Ein sesong er over

Sesongen er avslutta, og sjølv om det er ei stund til 1. april, så skjer det mykje. Terminlista for 2017 vart kjent like før jul, og i midten av Januar er me i gang med treningskampar i Sognahallen. 

Eirik og Co held fram filosofien om hente «typar». Unge spelarar som verkeleg vil, og som tek ansvar for eiga utvikling. Det faglege samarbeidet med Høgskulen utviklar seg fort, og har nye satsingar i 2017.

På talentsida i regionen ser me at overgangen til Sogndal blir stadig meir krevjande. Me har sjølve eit stort ansvar for å gjere toppspelaremna best mogleg rusta til å takle denne overgangen. Me samarbeider godt med både krets og klubbar, og i 2017 vil me satse ressursar på systematisk å bli betre på dette feltet, både i regionen og i eigen klubb.

Me avslutta 2015 i sorg over at Svein Bakke forlot oss så altfor tidleg. Eitt år er gått, og Svein Bakkes Minnefond er etablert. Saknet etter Svein pregar oss enno, men det er samstundes godt å sjå at minnefondet har fått ein formidabel start.

Når året no går mot slutten, vil me nytte høve til å takke alle for bidraget til fellesskapet som utgjer Sogndal Fotball. Supportarar, frivillige, sponsorar, aktive, ikkje fullt så aktive, unge og gamle; Saman har me skapt ein klubb som blir lagt merke til. Vær litt stolte, ta eigarskap i fellesskapet.

Eliteserien 2017 blir ei tøff oppgåve som me gler oss til, håpar å ha dykk med på laget!

Egil Mundal
Dagleg leiar
Sogndal Fotball.

Annonse fra Obos-ligaen: