God Jul!

Julehelsing frå alle oss i Sogndal Fotball

Vyrde følgjarar og støttespelarar!

Fotballsesongen 2021 er over og me nærmar oss eit nytt år og ein ny spennande sesong i Obosligaen.

Inneverande sesong starta som alle andre sesongar med oppstart i januar før me spelte fleire treningskampar utover vinteren. Me hadde ei fin oppkøyring og når sesongen starta var me godt forberedt.

Seriekampane gjekk slag i slag utover, og sjølv om me ikkje klarde å bita oss fast heilt øverst på tabellen, enda me til slutt på ein fin 6.plass som gav oss også i år kvalifisering om opprykk til Eliteserien.

Sidan året 2010, altså dei siste 11 åra har me enten spelt i kvalik om opprykk eller spelt i Eliteserien. Me skulle gjerne vore fleire sesongar i det gjeve selskap, men plasseringane vitnar likevel om stabilitet over tid. Dette er me svært stolte av og det er noko som fleire andre «større» klubbar ikkje kan skilte med.  

Ellers vil me takke vår hovedtrenar gjennom 7 sesongar Eirik Bakke og teamet hans, samtidig som me no gir stafettpinnen vidare til Tore Andre Flo fra og med neste sesong. Håpar de alle tek vel i mot Tore Andre.   

Til vidare satsing treng me gode støttespelarar både før under og etter kamp. Utan dykkar bidrag som følgjarar og støttespelarar so klarar ikkje me å levere på dette nivået over tid.

I sesongen 2022 der me blant anna skal møte lag som Brann, Fredrikstad, Stabæk, Mjøndalen, Ranheim, Kongsvinger og Start, skal me gjera vårt ytterste for at me skal vera gode nok til å kunne spele om plass i Eliteserien 2023. Sogndal har vore i toppfotballen i over 45 år og me har planar om å vera der dei neste 45 og.

Tusen takk for all støtte i år og so vonar me at me ser kvarandre att rundt gode fotballstunder i 2022.

Med dette vil me ynskje dykk alle ei fredeleg jul med dykkar næraste og eit godt nyttår. 

  • Saman er me sterke og hugs at fotball er best på stadion.

God jul frå alle oss i Sogndal Fotball

 

Annonse fra Obos-ligaen: