God kamp mot Lillestrøm
Karane stod opp og skapte trøbbel, men LSK gjekk vidare i cupen
Det vart 1-2 og me er ute av NM i dagens kamp i 4. runde av NM. Karane har likevel all grunn til å føla seg stolte etter at dei la ned ein solid innsats mot eit godt Lillestrøm.
Bortelaget kom skikkeleg godt i gang då dei etter eitt minutt og 20 sekund skåra. Målskårar: Ingen andre enn Akor Adams. Assist: Martin Ove Roseth.
Men så tok gutane tak og beit i frå seg, spelte seg fram til store sjansar, og det var heilt fortent at Daniel Arrocha kunne stanga inn utlikninga til 1-1 etter 31 minutt. Denne stillinga stod seg inn til pause.
Sjå referat og kampen i opptak på NRK
I andre omgang hadde me óg nokre sjansar, men Lillestrøm skåra på den dei fekk og tok seg med det vidare til kvartfinalen i cupen.
Erik Flataker fekk tillit frå start i dag og er godt i rute før han skal spela EM-kvalik med G19-landslaget i Frankrike.
Renze Fij stod ein god kamp og kunne lite gjera med dei to måla me fekk i mot.
Trenar Tore André Flo var godt nøgd med innsatsen til karane, sjølv om det var surt å tapa kampen.
Det må seiast at dette var ein kamp der me såg kva som bur i laget vårt, og held denne positive utviklinga fram, kan me få mykje moro på Fosshaugane i år.
Sogndal – Lillestrøm 1–2 (1–1)
NM 4. runde, Fosshaugane Campus, søndag 12. mars
Mål: 0–1 Jerome Akor Adams 2. min, 1–1 Daniel Arrocha 29. min, 1–2 Thomas Lehne Olsen 71. min
Gule kort: Martin Sjølstad, Alejandro Diaz, Sogndal, Espen Garnås, Vetle Skjærvik, Lillestrøm
Tilskodarar: 1409
Domar: Kai Erik Steen, Østsiden Askøy FK
Sogndal (4–4–2): Renze Fij – Andreas Hoven, Mansour Gueye, Daniel Arrocha, Martin Sjølstad (Hordur Gunnarsson frå 87.) – Jonatan Jonsson (Kristoffer Nessø frå 77.), Isaac Twum (Kristoffer Steinset frå 77.), Valdimar Ingimundarson, Sondre Ørjasæter – Emanuel Grønner, Erik Flataker (Alejandro Diaz frå 77.)