
God prestasjon, men Vålerenga vart for sterke i sesongavslutninga
Det enda 0-3 i årets siste kamp i OBOS-ligaen A-laget
Ingen av laga hadde noko å spele for, men det vart ein underhaldande kamp under flomlysa på Fosshaugadn. Til tross for ein god fyrsteomgang var det bortelaget som gjekk til pause i leiinga, og i andreomgang auka dei til både 0-2 og 0-3.
Det var Vålerenga som kom best i gang med kampen, og etter 11 minutt satte Muamer Brajanac inn leiarmålet. Utover omgangen tok me meir over spelet og kom til fleire gode sjansar. Både Erik Flataker og Joakim Nundal kom til avslutning frå gode posisjonar, men det stod 0-1 til pause.
Også i andreomgang var det Vålerenga som kom best i gang. Allereie etter 50 minutt dobla Elias Hagen leiinga til 0-2, og vegen til poeng var lang. Karadn fortsatte allikevel å stå bra i mot og kom til gode sjansar. Sjansestatistikken vart til slutt jamnare enn resultatet viser, men det var fortent at seriemeisteren tok med seg alle 3 poenga heim til Oslo.
Tusen takk for støtta i haust! No er sesongen over og allereie no byrjar arbeidet inn mot neste sesong. Me skal kome sterkare attende i 2025 og gler oss til å sjå dykk igjen på Fosshaugadn den kommande sesongen!
STAO NO PAO!