God stemning og nyttige innspel på funksjonærsamling

Det vart ein kjekk ettermiddag på Fosshaugane Campus med gode samtalar, nyttige innspel og sosialt samvær med viktige ressursar i klubben.

Onsdag 17. juni samla me funksjonærane våre til sommarsamling.

A-lagsspelarane våre Kasper Skaanes og Elias Flo tok turen innom samlinga for å helse på og gi ein status på sesongen så langt. Dei delte tankar om ein varierande sesongstart og korleis spelargruppa jobbar for å slå tilbake i kampane som kjem. For Elias har det vore ein spennande overgang inn i A-stallsmiljøet. Han fortalde om korleis det har vore å komme inn i laget og tilpasse seg ein meir profesjonell fotballkvardag, der fotball, skule og andre prioriteringar skal balanserast. 

Begge spelarane var tydelege på kor imponerte dei er over den frivillige innsatsen som vert lagt ned rundt kampdagane på Fosshaugane Campus. 

Arrangement- og klubbkoordinator Andreas gav også ein status på sesongen så langt frå arrangementsida. Han trekte fram dei mange gode tilbakemeldingane me har fått på gjennomføringa av kamparrangementa våre på Fosshaugane Campus. 

Den rutinen og kontinuiteten funksjonærane våre bidreg med er heilt avgjerande for at me kan levere gode arrangement gjennom heile sesongen. Særleg vart det trekt fram kor viktig den erfarne vaktstyrken er for å skape tryggleik og kvalitet i gjennomføringa.

Totalt sett et godt arrangement som bærer preg av god kontinuitet i stab og rutiner.

— NFF-delegaten etter heimekampen mot Lyn

Andreas peika også på fleire av elementa som bidreg til å skape gode rammer rundt kampane våre. Sogndalbui har løfta seg og blitt ettertrakta også utanfor landegrensene. Rekrutteringa av ballhentarar frå lag i regionen gir fleire unge spelarar ei kjekk oppleving tett på både OBOS-kamp og A-laget. Nytt innhald på storskjermen skal også bidra til å underhalde og engasjere publikum før og under kamp. 

Samtidig jobbar me kontinuerleg med å utvikle arrangementa våre vidare og forbetre dei områda me ser potensial for internt. 

Funksjonærane fekk òg høve til å komme med eigne tilbakemeldingar gjennom gruppediskusjonar, både positive erfaringar og forslag til vidare forbetring. Dette byggjer vidare på arbeidet som vart gjort på funksjonærsamlinga i januar, då mange gode innspel vart tekne med inn i planlegginga av årets arrangementssesong. 

Det vart også informert om planar for fellestur til bortekampen mot Stabæk 20. september. Det blir ei sosial og kjekk tur, og ein moglegheit til å oppleve ein OBOS-kamp frå den andre sida av sidelinja. 

Kvelden vart avslutta med quiz, der deltakarane fekk bryne seg på både lokalkunnskap og aktuelle spørsmål om fotball-VM. Det vart ein tett og jamn konkurranse før vinnarlaget vart kåra. 

Takk til alle som deltok på samlinga, og ikkje minst til alle funksjonærane våre som legg ned ein uvurderleg innsats gjennom heile sesongen. De er heilt avgjerande for at me kan skape gode opplevingar på Fosshaugane Campus. 

Bli med å skape kampdag - meld deg som frivillig

Sogndal Fotball er avhengig av engasjerte funksjonærar og vakter for å kunne skape gode kampopplevingar på Fosshaugane Campus. Har du lyst til å bidra i fellesskapet rundt klubben, høyrer me gjerne frå deg. Meir informasjon finn du her.

Annonse fra Obos-ligaen: