God stemning på La Manga

Flott vêr, strøkne grasmattar, glade karar - treningsleiren har starta særs bra

Torsdag ettermiddag ankom Eirik Bakke sine menn La Manga for ein 14 dagar lang treningsleir.

Den oppsette treningskampen mot Zenit måtte utgå, difor vart det kamp mot det danske Superliga-laget Silkeborg i staden. Denne kampen gjekk av stabelen søndag, og våre karar spelte ein god kamp. Joachim Soltvedt skåra kampens einaste mål, slik at me vann årets første treningskamp med 1-0.

Sjå Ropet med Akor Adams her

Assistenttrenar Marius Lenni Bøe er veldig nøgd nokre dagar ut i treningsopphaldet.


I år har me utfordra nokre av spelarane til å ta litt ansvar på sosiale medier. Sixten Jensen og Joachim Soltvedt har teke leiaransvar.

- Me ynskjer innspel frå publikum! Spørsmål om det er noko ein undrast på, ei utfordring eller noko me ikkje er gode på. Me tek i mot alle innspel med takk, sier Sixten Jensen med ein nikkande Soltvedt ved sin side.

Per Magnus Steiring har óg teke ansvar, og her er første utgåve av programmet Per i midten.


.

Med til La Manga er Jamar Campion-Hinds og Papé Embaye på treningsopphald. Ein annan som er på treningsfeltet er vår gamle ven og Fjøra-keeper Håvar Mjelleli. Han er med for å fylla ut keeperteamet sidan Håvard Hetle er på landslagssamling. Fun fact om Håvar er at han har ein offisiell kamp for A-laget, og står med clean sheet.

Sjå biletgalleri fra måndagens restitusjonstrening her

Annonse fra Obos-ligaen: