Gode opplevingar på Voss Cup

Sogndal jenter 11 på Voss Cup også i 2017

Sogndal jenter 11 var på Voss Cup også i år. Opphaldet i fjor gav meirsmak og 10 ivrige jenter frå 2006 kullet reiste med høge forventningar til Voss på fredag ettermiddag.

Me hadde ikkje kamp før på laurdag, men det er kjekt å få med seg cup stemninga og få innlosjert seg.

Første kamp var mot Loddefjord Hvit på god grasbane. Jentene var ivrige etter å komme i gang og dei starta med fantastisk spel og fekk vist fram fin innsatsvilje og stå på humør. Spelet sat godt og me fekk vist fram Sogndal på ein god måte. Jentene vann 7-1.

Sigeren vart feira i bassenget på Voss med hopp frå fem-meteren =D

Andre kampen var mot Ådlandsfjorden litt seinare på dagen. Jentene hadde på ny innsats på topp. Flott spel og fine mål også i denne kampen. Sogndal vann 8-1.

Tredje kampen var om kvelden laurdag. Jentene hadde fått i seg godt med mat og var klar til kamp att. Denne kampen gjekk også på grasbane og regnet hadde sett preg på bana ved at ballen fekk god fart. Trur dette var til fordel for spelet til jentene for ein såg at spelet sat perfekt og resultatet vart 10-2 i favør Sogndal mot Ask Ponni. Denne sigeren vart feira med disco =D

Søndag hadde me god tid og fekk ein roleg start på dagen. Siste kampen for jentene på Voss cup dette året var mot Gneist Rosa. Dette vart ein spennande kamp der det var 0-0 til pause. Gneist hadde nok med å forsvare seg, men måla ville ikkje inn. Jentene var nok ikkje heilt på i denne omgangen, men det kom seg i andre omgang. Spelet sat betre og me fekk til slutt to mål. Sluttresultat vart 2-0.

Jentene hadde også denne gangen ein fin oppleving på Voss cup og var gode ambassadørar for Sogndal. Med fire seiere og 27-4 i målforskjell gjekk jentene gjennom turneringa ubeseira og med god kontroll på motstandarane. Heiagjengen på sidelinja støtta fint opp med flagg, heierop og støtte til jentene.

Denne gangen hadde jentene med seg hjelp frå Thea Sviggum frå Bjørn. Thea var eit fint tilskudd som gjekk rett inn i gjengen.

Trenarane Jori Solstad Skorve og Steinar Atle Selseng er stolte over å få vere trenarar for desse flinke jentene =D

Sogndal jenter 2006
Sogndal j 2006 på Vosscup

Bak frå venstre: Kaja Hjelmhaug, Thea Sviggum Elle, Selam Tesfay Tekle, Ada Gunvordal og Selma Feidje Rørvik.

Framme frå venstre: Mia Stende Selseng, Synva Solstad Herfindal, Ella Mari Hodlekve Pettersen, Jenny Feidje Rørvik og Anja Yttrøy.

Annonse fra Obos-ligaen: