Grønner på utlån

Går til Jerv ut juli

Sogndal Fotball og FK Jerv er samde om eit utlån av Erik Emanuel Longe Grønner

Avtalen strekkjer seg til og med 31/7, og kjem under Nasjonal Utlånsordning for spelarar i alderen 18-22 år. Les meir om dette her

Bakgrunnen for utlånet er at det i år har vore begrensa med speletid for Grønner, og han står så langt med fire innhopp i årets sesong.

- Dette er ein fin moglegheit for Emanuel til å få verdifull speletid på høgast mogleg nivå, seier Håvard Flo.

- Etter ein periode med skader og begrensa speletid var det no viktig for hans vidare utvikling å legge til rette for at Grønner kan få regelmessig speletid, seier Flo.

Me ønskjer Emanuel lukke til i Grimstad.

Annonse fra Obos-ligaen: