Grorud - Sogndal

Me er klare for den 3. runden av OBOS-ligaen 2020

Me har starta sesongen sterkt med to strake sigrar og 10-2 i målskilnad.

Men, starten betyr ingen ting når karane våre skal utpå bana for å kjempa om tre poeng mot Grorud i dag klokka 18:00!

Me møter eit hardtarbeidande lag med opprykksentusiasmen intakt. Det er ikkje duka for ein rusletur i parken med champagneglas og jordbær - me må ta på arbeidshandskane og vera skikkeleg påskrudde frå start!

Rune Bolli Bolseth er tydeleg på at her er det hard jobbing som må til.

Godta informasjonskapslar for å sjå video

Slik ser du kampen
I år er det dplay som gjeld. Dei skal visa alle kampane, og legg opp til eit større og betre opplegg rundt OBOS-ligaen enn nokon gong. For 159,- i månaden får du tilgang på alle kampane i OBOS-ligaen, Eliteserien, Eurosport og alle dei andre kanalane. Ta ein titt her

Sjå Grorud - Sogndal her

Slik går kampane i runde 3
 

Endre Kupen møtte smørblid til intervju etter den siste treninga før avreise til Oslo

Godta informasjonskapslar for å sjå video


Godta informasjonskapslar for å sjå video


Daniel Eid fekk litt hjelp, men etterkvart hadde også han slagplanen klar

Me gler oss til kamp!

Annonse fra Obos-ligaen: