GULLGUTTA!!

Me slo Rosenborg 3-1 i G19 Cupfinalen, og har vunne NM!!

Juniorlaget vårt stod for litt av ein prestasjon då dei i dag slo Rosenborg i NM finalen for G19!

Det var trøndarane som kom best i gong, då dei etter 14 minutt tok leiinga. Akor Adams utlikna ti minutt etter. Laga gjekk til pause på stillinga 1-1.

I andre omgang var Anders Nord svært nær ved å skåra, men ballen smalt i tverra bak Rosenborg-keeperen, og kampen gjekk til ekstraomgangar.

Etter fem mållause minutt var det sidebyte, og då tok det skikkeleg fyr i teltet. Først fekk me straffe som Akor ekspederte nådelaust i mål. Rett før slutt fekk same mann æra av å skåra hat trick i finalen, då han fastsette sluttresultatet til 3-1.

Opplev sluttsekunda og jubelen då me gjekk live på vår facebookside her

Her er TV-bileta frå kampen.


Les om kampen i Sogn Avis.

Me snakka med ein svært glad og stolt trenar Håvard Hatle etter kampen. Håvard hadde sin siste kamp som trenar for denne gjengen, du snakkar om å gje seg mens ein er på topp.





Ulrik Fredriksen spelte heile kampen i Ålesund på torsdag, ein dag og ein lang busstur etter dundra han rundt i Telenor Arena, og kunne stolt visa fram pokalane etter kampen.

Les om kampen i Firda

Kaptein Kristian Rutlin var utruleg glad og stolt over laget og prestasjonen.




Sportsleg leiar Håvard Flo var rørt og glad då me snakka med han etter kampslutt.

Les om kampen på NRK Sogn og Fjordane

Det denne gjengen har gjort er vanvittig stort! Prestasjonen er gedigen og me er utruleg stolte over det desse gutane har vist, både på og utanfor bana. 

Og for dei som ikkje har fått det med seg: Me er Noregsmeistar for G19 2018!!

Stao no pao!!

(Foto: Kristian Helle)

Annonse fra Obos-ligaen: