HamKam - Sogndal

Briskeby Stadion, Avspark klokka 15:30

OBOS-ligaen går inn i ein ny travel bolk med tre kampar dei neste åtte dagane.

På onsdag har me Jerv heime og neste søndag Strømmen borte – og i dag skal me ut for å kjempa om tre viktige poeng på Briskeby i Hamar!

Slik gjekk det då me møtte Hamar-laget i august på Fosshaugane



Me fekk oss ein på kjeften då me var austafor sist laurdag. I dag må me visa at me vil meir enn heimelaget om me skal ha med oss noko heimat.

Og det vil me! Det var ein veldig fokusert gjeng som reiste over fjellet i går etter treninga. Karane klør etter å setja standarden på Briskeby i dag!

Slik gjekk det sist helg
Slik gjekk det sist helg
Slik går helgas kampar
Slik går helgas kampar

Karane har trent godt denne veka, og me har fått tilbake fleire av nøkkelspelarane som har slite litt i det siste. Me skal få sjå eit topp tent Sogndal i dag!

Me er klar over at det er eit heimelag som har fått vind i segla etter at den gamle ringreven Kjetil Rekdal har teke på seg trenarcapsen for Hamar-laget. Kamma har gjort det bra i det siste og er i form, me står foran ei tøff oppgåve!

Me er i slutten av oktober, og det dreg seg meir og meir til både i topp- og botnstriden.

Tabellen før avspark av runde 22
Tabellen før avspark av runde 22

Vinteren er på gang. Denne veka har snøen lagt seg lågare og lågare, også i Hamar. Der kom det så mykje snø ei natt at dei måtte trena inne ein dag. Briskeby ligg grøn og fin att, det er meldt overskya og rundt fem grader under kampen.

Marknadsavdelinga tok seg over til Oslo i går for møter med samarbeidspartnarar. Dei reiste vidare til Hamar  i går ettermiddag for å støtta karane i dag. På vegen over Hemsedalsfjellet møtte Teigen og Flo desse fine!

Ein gjeng kledd i kvitt og svart
Ein gjeng kledd i kvitt og svart

Me gler oss til kamp!

OBOS-ligaen runde 22
HamKam – Sogndal
Briskeby i Hamar
Avspark klokka 15:30

Stao no pao!!
 

Annonse fra Obos-ligaen: