- Har eindel å jobba med før seriestart

Eirik Bakke var ikkje nøgd etter 1-3 mot Øygarden

Det vart ingen god generalprøve mot Øygarden i laurdagens oppgjer på Fosshaugane Campus.

Gutane våre kom best ut av startblokkane og produserte eindel halvsjansar mot Fredrik Flo og kompani, men det var Øygarden som fek 1. omgangens einaste skåring på eit frispark.

- Øygarden kom hit med masse entusiasme og hadde lyst til å trakka oss på tærne. Det gjorde dei til gangs, sa trenar Eirik Bakke etter kampslutt. Trenaren seier at me har eindel å jobba med inn mot seriestart.

Les om kampen i Sogn Avis

Etter kvilen skåra divisjonskollegaen to gonger til før Eivind Helgesen skåra eit flott trøystemål, slik at sluttstillinga vart 1-3 i solskinet.

Sivert Mannsverk og Eirik Bakke var ganske einige i kva som må rettas på til fredagens opningskamp mot Åsane, les kva dei sa til Sogn Avis

Det vart ein heller svak generalprøve, men karane har vist at det er noko på gang i denne unge gjengen gjennom ein sesongoppkyring av den lengste sorten, og me gler oss veldig til fredag!

Me tok ein prat med Tomas Totland og Eirik Bakke etter kampslutt.

- Gutta har stått på gjennom denne lange sesongoppkøyringa. No skal me endeleg få spela om poeng, sa Eirik.




- Me skal få sjå eit heilt anna Sogndal-lag på fredag, avslutta ein optimistisk trenar.

 

Annonse fra Obos-ligaen: