Hardtarbeidande midtbanespelar klar for Sogndal

Mathias Blårud blir i kvitedrakta dei neste tre åra

Strømmen IF Fotball og Sogndal Fotball er samde om ein overgang for midtbanespelaren Mathias Blårud (f. 6/6 1995).

Mathias Blårud og Sogndal Fotball har skrive ein avtale som går frå 1/6 og tre år framover. Midtbanespelaren kjem til Sogndal allereie i kveld og blir med på sin første trening i morgon.

- Dette er ein spelar me har fulgt med over lang tid, og det er veldig kjekt at han no kjem til oss, seier ein smilande trenar Eirik Bakke om overgangen.

- Mathias er ein jovial og kjekke gut som har veldig lyst til å utvikla seg vidare som fotballspelar her hjå oss, held trenaren fram.

Mathias Blårud er ein Oslo-gut frå Stovner og han starta fotballivet sitt i Rommen Sportsklubb i Groruddalen. Han bytta beite til Valle i 2010 då han vart med Vålerenga sitt G16-lag. I Enga spelte han også på G19- og rekruttlaget, før han i 2013 signerte kontrakt med A-laget. Han står bokført med 20 A-kampar for Enga, derav 16 kampar i Eliteserien.

I 2015 henta Espen Olsen han til Strømmen, der han spelte 140 kampar og skåra 4 mål.

- Mathias vil passa godt inn i vår måte å spela på, seier Bakke.

Trenaren beskriver Mathias som ein hardtarbeidande og duellsterk midtbanespelar med god mentalitet som er vond å møta.

- Han er ein rutinert gut med god erfaring frå OBOS-ligaen, og han vil utfylla dei spelarane me allereie har på midtbana. Me gler oss til å ha han her hjå oss, seier ein glad Eirik Bakke.

Mathias var ein snartur i Sogndal i forrige veke, og han likte det han såg. 

- Dette blir kjekt, eg gler meg til å sjå han i kvitedrakta, seier Håvard Flo.

Flo gir skryt til Strømmen for samarbeidet rundt overgangen.

- Nok ein gong kjem ein gut frå Strømmen til Sogndal, og nok ein gong har samarbeidet rundt overgangen vore framifrå. Me vil både takka og berømma Strømmen for å få denne overgangen i hamn, avsluttar Flo.

Les også om overgangen i Sogn Avis

Me kjem med videointervju med vår nye midtbanespelar i morgon.

Velkomen til Sogndal, Mathias!

Annonse fra Obos-ligaen: