
Hat-trick på bunnlinja
Eliteseriebarometeret som vart lansert førre veke viser 3 år på rad med positivt driftsresultat for ligaen.
Deloitte har i samarbeid med Norsk Toppfotball (NTF) og klubbane i Eliteserien utarbeida Eliteseriebarometeret 2017. Eliteseriebarometeret viser den finansielle utviklinga i Eliteserien i perioden 2014 – 2016, med hovudvekt på endringar frå 2015 til 2016.
Eliteserien har levert positivt driftsresultat tre år på rad, betydeleg hjelpt av gevinst frå spelarsal. På klubbnivå er antal eliteserielag med svak økonomi redusert frå sju til to klubbar i perioden 2009- 2016.
Opphør av Europacup-deltaking i 2016 gav Molde og Rosenborg reduserte inntekter, mellom anna i tap av media- og ligasponsorinntekter og billettinntekter.
- Det bidrog samstundes til å redusere gapet mellom dei største og minste klubbane. Totalt såg Eliteserien ein vekst i samla driftskostnadar på grunn av endringar i lagsamansettinga, seier Andreas Enger, partnar i Deloitte.
Sentrale funn i rapporten:
- Eliteserien sine samlede inntekter auka med 6 % fra 2015 til 2016, til trass for reduserte inntekter frå spel i Europa
- Reduserte media- og ligasponsorinntekter gjennom opphør av europacupdeltaking i 2016 vart meir enn oppvege av auka reklame- og partnerinntekter, og leigeinntekter
- Kostnadane auka med 9 % i 2016, samanlikna med 2015
- Gjennomsnittleg eigenkapitalandel i Eliteserien har auka frå 21 % i 2014 til 33 % i 2016, mellom anna på grunn av spelareksport
- Strømsgodset oppnådde det største nettobidraget frå sal av spelarar i perioden 2014 – 2016
- Eigenkapitalandelen er styrka for 15 av 16 klubbar frå 2014 til 2016 - gjennomsnittet for Eliteserien er 33%.