Håvard Hetle har signert for Sogndal

Keepertalentet frå Breim blir ein del av keepergruppa

Sogndal Fotball og Håvard Hetle (f. 5/2 2003) har signert ein avtale som går til 8/8 2021.

Stortalentet frå Breim har hospitert med Sogndal sitt A-lag og Sogndal 2 gjennom det siste året, og har gjort seg godt kjent med tilhøva her på Fosshaugane Campus. 

Den unge keeperen har imponert, og tek stadig nye steg. 

- Det er veldig kjekt at Håvard no blir ein permanent del av keepergruppa her. Han er ein veldig fin gut med gode haldningar, og han er komen godt inn i gjengen, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

- Håvard viser stadig progresjon, og no var tida inne for at me inngår eit større samarbeid med tanke på hans vidare utvikling og treningskvardag, held Flo fram.

Guten frå Breim har allereie debutert med flagget på brystet, og står no bokført med fire G15-landskampar.

Håvard skal starta i tiande klasse no i august og kjem til å fullføra ungdomsskulen på Sandane. 

I haust vil han vokta buret til Stryn, der han går på utlån resten av sesongen.

Sogndal Fotball vil rette ein stor takk til moderklubben til Håvard, Breimsbygda, og til Sandane for den flotte jobben dei har gjort med den talentfulle keeperen.

Me gler oss til den komande tida i lag med Håvard! Velkomen til Sogndal!

Annonse fra Obos-ligaen: