Håvard sin lange kamp

Keepertalentet utvikla spiseforstyrring – Les hans historie her

Den lange kampen til keepertalentet Håvard (19)
Sidan august 2021 har fotball-keeperen Håvard Hetle teke eit steg tilbake for å løyse personlege utfordringar knytt til kvardagen som toppfotballspelar. Dette var nødvendig etter at han utvikla spiseforstyrring.

No står Håvard fram og fortel historia om korleis ei svært lovande fotballkarriere fekk ein bråstopp. I podkasten Stao no pao kjem han med ein viktig bodskap som klubbar, leiarar og spelarar i norsk fotball kan lære av. 

Lytt på podkasten her

- Det har vore ekstremt utfordrande, samstundes som eg opplever at me har lært å handtera vanskeleg problemstillingar på ein meir konstruktiv måte, seier Håvard Hetle.

Sommaren 2018 låg det til rettes for eit fotballeventyr for den ressurssterke 15-åringen frå Breim i Nordfjord. Hausten før hadde Håvard debutert på G15 landslaget berre 14 år gammal.  

Han fekk oppfylt draumen om å signera proffkontrakt, og vart i første omgang lånt ut til Stryn. Samstundes var Håvard fast på aldersfastlagde landslag, og han har hittil spela 21 gonger med flagget på brystet.

Håvard Hetle1.jpg
Håvard i aksjon med flagget på brystet på La Manga (Foto: Rune Sjøberg)

Vart lagd merke til
Keepertalentet vart tidleg lagd merke til, og i 2018 vart han kåra til Årets fotballtalent av TV 2. I TV-serien «Våre neste menn», fekk fotball-interesserte eit inntrykk av at Håvard Hetle var ein ambisiøs ung mann.

I 2019 debuterte han på A-laget til Sogndal Fotball, og Håvard gjekk inn i 2020-sesongen med optimisme. Den gode kjensla kom som følgjer av gode opplevingar med juniorlaget i UEFA youth league, og framgang både på og utanfor bana. Forhåpningane til den unge keeperen auka i takt med dei gode opplevingane, og med det vart det stilt høgare krav.

- Eg har alltid stilt ekstremt høge krav til det eg driv med. Eg gjer ingen ting om eg ikkje kan gjere det 100 prosent, seier Håvard Hetle.

102583475_10158244066486544_1174166411477248250_n.jpg
Håvard vokta buret under treningskampen mot AaFK i 2020 (Foto: Rune Sjøberg)

Ivrig og litt gal i koronapandemien  
Korona-pandemien som kom i mars 2020 skulle indirekte få store konsekvensar for livet til den talentfulle 17-åringen. Kva var det som skjedde?

- Gradvis utvikla eg ein spiseforstyrrelse. Det var mange utløysande faktorar, og ein av grunnane var at eg hadde for dårleg balanse mellom trening og restitusjon.

Då koronaen sette stopp for fellestreningar våren 2020, sette Håvard i gang med knallhard trening på eiga hand.

- Ivrig og litt gal skulle eg som 17-åring ta nye steg, og la opp til så mykje trening at kroppen rett og slett ikkje tålte det, seier Håvard.

På dette tidspunktet hadde han eit normalt tilhøve til kosthaldet sitt, men det skjedde noko då Håvard kom tilbake til fellestreningane.

- Me tok til å vege oss både før og etter trening, og alle måtte skrive opp vekta på ei liste som hang i garderoben, fortel Håvard.

På lista såg Håvard at han var den yngste, og samstundes ein av dei tyngste i A-lagstroppen til Sogndal Fotball.

- I tillegg til dette har eg alltid fått kommentarar på kor mykje mat eg har ete. Sjølv om dette ikkje er meint som noko anna enn small talk, slår det hardt ut når ein er utrygg og ikkje kjenner tilhøyrigheit til spelargruppa. Summen av alt dette førte til at eg ønskte å gå ned eit par kilo i håp om at dette ville styrke utviklinga. Dette gjorde eg på grunn av at eg ønskte å bli sett av trenarane, på same tid som eg ønskte å kjenne tilhøyrigheit til spelargruppa.

Håvard Hetle skrudde til med treningsmengdene, samstundes som han gjekk litt ned på matmengda. Dette la grunnlaget for problema.
 

Utvikla anoreksi
Diagnosen vart til slutt anoreksia nervosa. Håvard Hetle vart tynnare, men ikkje slik at alarmen gjekk i klubblokala på Fosshaugane. På det meste gjekk han ned sju-åtte kilo, og dette førte til at kroppen og hovudet slutta å spele på lag. Sjølv om kroppen ikkje responderte på treninga, trena Håvard ei økt til av frykt for å gå opp i vekt.

- Eg har alltid hatt mykje muskelmasse, og på bakgrunn av dette var eg meir undervektig enn det vekta synte. Dette var med på å skjule problema mine.

Håvard stod aldri over måltid, men han vart veldig restriktiv på kva han åt og kor mykje han åt. Nokon av tiltaka var å kutte ned på metta feitt, samtidig som han auka inntaket av grønsaker. På det verste vart forholdet til mat så krevjande at det vart vanskeleg å ete eple. 

- I august 2020 kjende eg at det var noko som ikkje stemde. Desverre torde ikkje eg å erkjenne problema mine. At eg ikkje torde dette, er noko av det mest krevjande å sjå tilbake på. Utover  hausten fekk eg oppfølging frå ein idrettspsykolog ved Olympiatoppen, men eg responderte ikkje så godt på digitale møte.  

Håvard poengterer at det er viktig å ta desse problemstillingane på alvor. Det er ikkje lett å kome seg ut av mentale utfordringar. Dette krev tett og korrekt oppfølging.

- Eg trur at spiseforstyrrelsar er eit større problem i fotballen enn det som er kjent. Eg håpar at eg kan hjelpe andre ved å fortelja mi historie, seier Håvard Hetle.

109745079_10158366014816544_3893500839008554121_n.jpg
Fokusert på trening, juli 2020 (Foto: Rune Sjøberg)

Problema tårna seg opp
Det alvorlege helseproblemet vart ikkje løyst. I februar 2021 vart Håvard likevel lånt ut til Florø Sportsklubb som då spela i PostNord-ligaen.

- Eg skulle aldri reist til Florø. Det har ingenting med Florø å gjera, men eg var ikkje frisk nok til å kjempe om ein plass som førstekeeper på dette tidspunktet.

Problema balla på seg for den unge keeperen. I juni håpa Håvard likevel på ein opptur då han vart kalla inn til ei etterlengta landslagssamling i Portugal. Dette vart derimot ikkje den opplevinga han hadde håpa på.

- Eg sov ikkje om natta fordi eg var svolten og grua meg til trening og kamp. Sjølv om eg var svolten, torde eg ikkje å ete fordi eg var redd for å gå opp i vekt. Eg skulle aldri spela på den samlinga, men eg vart nøydd til å spele på grunn av at den andre målvakta fekk ein skade.

Han heldt fram ein månad til i Florø, så bar det tilbake til Fosshaugane Campus.

- Eg prøvde ei treningsøkt, men eg kjende at dette går ikkje, fortel Håvard.

Håvard Hetle.jpg

Botnen nådd i fjor haust
Sommaren 2021 måtte Håvard ta steget ut av Sogndal-garderoben – i fall fall førebels. Frå august i fjor til mars i år orka Håvard Hetle ikkje ein gong å sjå ein fotballkamp. Han vart sjukmeld og drog heim til Breim. Her vart fokuset retta mot å fullføra vidaregåande med gode karakterar.

- Botnen vart nådd i oktober i fjor, men då tok eg problema på alvor. Eg tok til å samarbeida med ernæringsfysiolog Heidi Holmlund som har vore til stor hjelp. Sakte, men sikkert tok eg steg for steg.

Heile vegen har Håvard dessutan jobba tett med Ole Erik Grinde, som er mental trenar og klubbutviklar i Sogndal Fotball. Håvard får ikkje få fullrost Ole Erik nok.

- Eg er ikkje heilt frisk i dag, men eg har tatt tilbake kontrollen over livet mitt. Dette har ført til at eg no er i posisjon til å driva opptrening. Det vil likevel vere ein kontinuerleg prosess med å bli heilt friskmeld.  

Nyttig læring
Sogndal Fotball var Håvard Hetle sin arbeidsgivar. Korleis meiner han i ettertid at klubben handterte saka då spiseforstyrrelsane kom for dagen?

Håvard opplever at reisa har gjeve mykje nyttig læring. Han vil ikkje kritisera einskilde personar for noko, men føler at han vart overlaten for mykje til seg sjølv.

- Etter kvart som eg og støtteapparatet oppdaga problema, følte eg at eg ikkje vart teken så seriøst som eg burde blitt. Problemet vart skuva litt under teppet, og dei let meg stå litt for mykje åleine og kjempa, seier Håvard.

Håvard seier han er skuffa over at dei ansvarlege rundt han let ein 17-åring føra kampen mot sjukdomen for mykje på eiga hand.

- Dei såg at vekta mi gjekk nedover, men eg fekk ikkje hjelp utover råd om at eg burde kontakta psykolog, seier Håvard Hetle.  

På same tid er Håvard blitt flinkare til å ta større eigarskap til si eiga utviklingsreise.

- Det viktigaste eg tek med framover, er at eg er avhengig av å nyte kvardagen. I staden for å jage nye mål heile vegen, seier han.

Han tilfører at det har vore ei brutal, men nyttig læringsreise.

52563354_10156871945681544_3732661351449886720_n.jpg

Den største sigeren
I dag er dialogen mellom spelar og støtteapparat mykje betre. Det skjer gjennom tett samarbeid med fysisk trenar Knut Ripe, ernæringsfysiolog Heidi Holmlund, keepertrenar Terje Skjeldestad og Ole Erik Grinde. Dette har ført til at Håvard har starta på ei opptreningsfase, og er no komen delvis tilbake til treningsfeltet.  

- No er målet å komma i posisjon til å ta eit konstruktivt val med tanke på vegen vidare. Om eg vel å droppa toppidrett for å satsa på utdanning, skal det vera eit bevisst val, og det skal ikkje vere på grunn av at eg vart sjuk. Eg skal likevel ikkje leggja skjul på at eg drøymer om å bli toppfotballspelar igjen, seier Håvard.   

Det har vore ein lang kamp i kvardagen, men Håvard Hetle kjenner seg uansett som ein vinnar i dag: 
- Uavhengig av kva som skjer vidare; er eg utruleg stolt over at eg har klart å ta kontroll over sjukdomen, avsluttar Håvard Hetle.  

 

Bilde2.jpg
Håvard tok denne selfien etter å ha gjennomført ei treningsøkt i lag med Frode Grodås på Ullevaal tidlegare i vår.

Ved spørsmål rundt Håvard Hetle og/eller innhald i artikkel:
Kontakt Lars-Olav Hausberg, dagleg leiar i Sogndal Fotball
Telefon: 920 92 016
E-post: [email protected]

Annonse fra Obos-ligaen: