
Heimekamp i 4. runde i cupen!
Me skal møta Lillestrøm på vegen mot Ullevaal
Det har vore trekning av den 4. runden i NM i kveld.
I studio var Rune Pedersen i lag med Hege Riise og Lars Bohinen, og vår kamp vart trukken allereie i første forsøk.
I mars neste år får me besøk av Lillestrøm, som i år har gjort det veldig skarpt i Eliteserien. Våre gamle vener Igoh Ogbu og Akor Adams får seg dermed ein tur "heimatt" til Sogndal.
Slik skal den fjerde runden gå. Dato er ikkje endeleg fastsett, men det blir i mars 2023
1. Sogndal - Lillestrøm
2. Start - Tromsø
3. Tromsdalen - Stabæk eller Stabæk Bryne
4. Brann - Haugesund
5. Sandefjord - Odd
6. Skeid - Molde
7. Viking eller Kristiansund - Rosenborg
8. Ranheim - Bodø/Glimt
Me e' på veg til Ullevaal!