
Heimekamp mot Åsane i NM
Det har vore trekning i cupen
Klokka 15:00 i dag var det trekning av 3. runde i NM.
Det at kampane blir trukne allereie i runde 3 er ei ny ordning, og me fekk mange spennande og interessante oppgjer som me ikkje ville fått ved tidlegare ordning.
Det ville seg slik at det blir skikkeleg cupfest i Alta, som tek i mot Bodø/Glimt, medan det er duka for litt av eit oppgjer når Harstad får besøk av Brann! På Austlandet får me lokaloppgjer i Groruddalen, der Grorud tek i mot Lillestrøm, medan Viking får Rosenborg på besøk. Det blir skikkeleg cupdrama ved Mjøsa når HamKam skal kjempa mot Raufoss, og på Jæren skal Bryne ta i mot sjølvaste Molde.
Me skal spela heime mot divisjonskollega Åsane! Me møtte dei på Fosshaugane i juni, då vann me 3-1.
Slik går kampane i NM runde 3:
Harstad - Brann
Kongsvinger - Fløy-Flekkerøy
Start - Mjøndalen
Alta - Bodø/Glimt
Vålerenga - Odd
Øygarden - Sarpsborg 08
Nardo - Arendal
Ranheim - Aalesund
Viking - Rosenborg
Strømsgodset - Stabæk
Bryne - Molde
Sogndal - Åsane
KFUM - Kristiansund
Grorud - Lillestrøm
Moss - Sandnes Ulf
HamKam - Raufoss
Kampene spelast 22. og 23. september.
Stao no pao!!
