Hetle og Skorve på G18-landslaget

Skal spela dobbel-landskamp mot Portugal i Lisboa

I dag kom uttaket til G18-troppen som skal reisa på tur med Pål Arne Johansen og resten av G18-apparatet. Turen går til Lisboa, der våre komande beste menn skal spela mot Portugal.

I troppen er Håvard Hetle, ein kar som allereie er dreven med flagget på brystet. Den staute karen frå Breim er for tida på utlån til Florø, der me håpar han skal få mykje speletid denne sesongen. So langt står Håvard med 19 landskampar på G15-, G16- og G17-landslaget.
 

Håvard Hetle1.jpg
Her er Håvard Hetle i aksjon mot Ungarn på La Manga i fjor (Foto: Rune Sjøberg)


For Iver Skorve kom dagens uttak som ein kjekk overrasking. Han fekk beskjeden inne i garderoben etter treninga i dag. 

Iver er sonen til vår gamle back Brede, som óg har aldersbestemte landslagskampar. Brede står med 20 kampar og eitt mål. 

Iver har gått alle gradene i klubben frå miniputt og opp til dagens nivå. Dette er ein flott dag for både Sogndal Fotball, og Iver ikkje minst sjølv.

Me fekk ein prat med Iver og trenar Eirik Bakke etter dagens trening.




Les meir om uttaket her

Her er troppen Håvard og Iver skal på tur med
Håvard Hetle - Florø
Isak Solberg - Tottenham
Mathias Bauer - Augsburg
Brynjar Johnsplass - Bodø/Glimt
Max Williamsen - Kristiansund
August Frobenius - Sporting Lisboa
Leo Fuhr Hjelde - Ross County
Isak Vik - Tromsø
Pawel Chrupalla - Rosenborg
Iver Skorve - Sogndal
Mathias Emilsen - Vålerenga
Christos Zafeiris - Grorud
Kristian Arnstad - Anderlecht
Tobias Gulliksen - Strømsgodset
Kristian Bernt Torgersen - Stabæk
Andreas Schjelderup - Nordsjælland   
Oscar Bobb - Manchester City             
Isak Hansen-Aarøen - Manchester United
Sondre Auklend - Viking
Simen Kvia-Egeskog - Viking
Bryan Fiabema - Chelsea
Seedy Jatta - Vålerenga

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: