Historisk prestasjon i VM!

Rasmus Holten og Mathias Øren har skrive historie for Norge!

Norge sitt U20-landslag har vore i Chile for å spele VM, og 2 av våre har representert landet på det øvste nivået. Rasmus Holten og Mathias Øren (på lån til Åsane) var begge med i troppen og har bidrege til den beste prestasjonen av eit norsk U20-lag nokon gong. Her kjem ei oppsummering av meisterskapet!

Norge 1 - 0 Nigeria, 29. sept

Opningskampen for Norge vart spelt mot Nigeria, og det var tøff motstand som venta i den fyrste kampen. Kaptein Rasmus Holten var med frå start, medan Mathias Øren sat på benken. Allereie etter 9 minutt fekk karadn straffespark, og Rasmus Holten var den utvalde frå 11 meter. Straffa sat han sikkert i mål, og Norge fekk ein perfekt start på VM. Resten av kampen handla om å forsvare leiinga, og i lange periodar hadde ein god kontroll. Nigeria sine 19 skot fortel mykje om kampen, men berre 2 av desse var på mål og det vart sjeldan farleg. Kampen enda 1-0 og Norge tok 3 viktige poeng.

Rasmus Holten jublar etter scoring mot Nigeria
Rasmus Holten vart matchvinnar mot Nigeria

Colombia 0 - 0 Norge, 2. okt

Den andre kampen i gruppespelet var mot ein av favorittane, Colombia. Rasmus Holten starta igjen som kaptein, og Mathias Øren sat på benken. Frå start til slutt var det Colombia som førte kampen, og dei kom også til mange gode sjansar. Norge fekk verkeleg teste seg i forsvar, og dei besto testen med glans. God struktur og forsvarsspel kombinert med ein veldig god keeper gjorde at Colombia aldri fann vegen til nettmaskene. I det 85. minutt gjekk Rasmus Holten av, og inn kom Mathias Øren for å bidra til å sikre eit poeng. Kampen enda 0-0, og Norge leia gruppa med like mange poeng som Colombia.

Saudi-Arabia  1 - 1 Norge, 6. okt

Siste kamp i gruppespelet gjekk mot Saudi-Arabia, og allereie før kampen var Norge garantert vidare frå gruppespelet. Målet i forkant av mesterskapet var nettopp å ta seg vidare til sluttspelet, noko ingen norske lag hadde klart før dei. Kampen mot Saudi-Arabia kunne allikevel bli avgjerande for gruppesigeren, og både Rasmus Holten og Mathias Øren starta i midtforsvaret. Den fyrste omgangen enda mållaust, men rett etter pause tok Norge leiinga med Niklas Fuglestad. Saudi-Arabia utlikna på straffe etter 53 min, og etter 73 minutt fekk også Norge straffe. Rasmus Holten gjekk for den elegante varianten, men diverre vart chippen for høg og gjekk over mål. Kampen enda 1-1, og Norge stod med 5 poeng og 0 tap etter gruppespelet. Colombia hadde også 5 poeng, like mange scora mål, like mange innslupne mål og det var ingen av dei 3 fyrste kriteria som kunne skilje dei. Difor var det Colombia som tok gruppesigeren med eitt gult kort mindre enn Norge på dei 3 kampane i gruppespelet. I 8-delsfinalen venta Paraguay.

Mathias Øren i landslagsdrakt
Mathias Øren med flagget på brystet

Paraguay 0 - 1 Norge, 9. okt

Paraguay enda på 2. plass i si gruppe med 4 poeng etter 3 kampar. Til denne kampen var framleis kaptein Rasmus Holten i lagoppstillinga, medan Mathias Øren var tilbake på benken. På same måte som i dei fyrste kampane var det forsvarsspelet og ein meget god keeper som stod fram for Norge. Til tross for eit sterkt press gjennom store delar av kampen holdt dei nullen til fulltid, og det gjekk til ekstraomgangar. 4 minutt før straffesparkkonkurransen dukka Niklas Fuglestad opp og scora det avgjerande målet som sendte Norge til kvartfinalen. Ein veldig sterk prestasjon av eit godt kollektiv. I kvartfinalen venta Frankrike.

Norge - Frankrike, 13. okt

Frankrike kom seg vidare frå gruppespelet som 3. plass i ei gruppe der 3 lag hadde 6 poeng. USA og Sør-Afrika hadde betre målskilnad, men alle laga kom seg altså vidare til sluttspelet. I 8-delsfinalen slo dei Japan 1-0 før Norge var motstandar i kvartfinalen. Her fekk det norske laget det tøft før pause, og etter 45 minutt stod det 0-2 på tavla. 3 endringar til pause endra kampbiletet, og etter 68 minutt fekk me også Mathias Øren på bana. Mot slutten vart Rasmus Holten flytta opp som spiss i jakta på scoring, og det skulle vise seg å vere eit smart trekk. Etter 83 minutt spelt steig han til værs i boksen og stanga inn 1-2. Diverre vart ikkje sluttspurten nok til å kome tilbake, og VM enda i kvartfinalen for Norge.

I tillegg til Rasmus og Mathias var Julian Lægreid frå Årdal med i troppen. Han markerte seg med gode offensive bidrag og hadde både målgivande pasning og skaffa eit straffespark. Det er kjekt å sjå at spelarar frå Sogn og Fjordane kan hevde seg blant dei beste i verda!

Me ønskjer å gratulere både spelarar og støtteapparat med eit fantastisk VM! Dei har levert ein historisk prestasjon, og kan verkeleg vere stolte! No gler me oss til å få Rasmus heim til Sogndal, og ønskjer samtidig Mathias masse lukke til med resten av sesongen i Åsane!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: