
Hörður Ingi Gunnarsson går til FH Hafnarfjördur
Islendingen returnerer til gamleklubben
Sogndal Fotball og FH Hafnarfjördur er samde om ein overgang for Hörður Ingi Gunnarsson.
Overgangen er permanent og gjeldande frå 7/4 2023.
Hörður har over tid sakna heimlandet og livet på Sagaøya, og då gamleklubben ville kjøpa han tilbake, valde me å imøtekomma dette for Hörður sin del.
Islendingen kom til oss før sesongen i fjor og står bokført med 26 kampar og ei skåring i Kvitedrakta.
Me takkar for flott innsats og ønskjer han lukke til vidare i karrieren!