
Hugs påmelding til Kiwi Bama Cup!
Det byrjar å fyllast opp med lag før årets Kiwi Bama Cup! Breiddefotballen
Påmeldinga til årets Kiwi Bama Cup er godt i gang, og no byrjar det å fyllast opp. Om laget ditt skal vere med på årets turnering må ein vere raske til å melde seg på!
Kiwi Bama Cup er ei fotballturnering for jenter og gutar mellom 6 og 12 år. Me i Sogndal Fotball arrangerer turneringa i helga 25. - 26. oktober, og me håpar å sjå ditt lag i Sognahallen og på Fosshaugane Campus. Påmeldingsfristen er satt til 5. oktober, men her er det fyrstemann til mølla. No byrjar det å fylle seg opp i fleire klassar, og det er ikkje lenge til det blir heilt fullt.
Klassar
Laurdag - 6-9 år
- 6-7 år spelar 3 v 3
- 8-9 år spelar 5 v 5
- Minimum 4 kampar x 12 minutt
- Kampar i Sognahallen
Søndag - 10-12 år
- 7-ar kampar
- Minimum 4 kampar x 17 minutt
- Kampar i Sognahallen og på Fosshaugane Campus
Prisar
Lagsavgift (obligatorisk pr. lag)
- kr 400,- for 3-ar lag
- kr 600,- for 5-ar lag
- kr 900,- for 7-ar lag
Deltakaravgift (obligatorisk pr. spelar)
- kr 150,- 3-ar lag
- kr 250,- 5-ar lag
- kr 300,- 7-ar lag
Laurdag 25. oktober spelar A-laget heimekamp mot Egersund på Fosshaugane Campus! Alle cupdeltakarar kan allereie no kjøpe billett til rabattert pris med promokoden "kiwibama25"!
Kjøp billett til Sogndal - Egersund! Gå til påmelding!
STAO NO PAO!