I år skal Sogndal Fotball bli kvalitetsklubb også i breiddefotballen

Sogndal Fotball skal i 2021 bli ein kvalitetsklubb – også i breiddefotballen.

Karianne Bergheim og Henrik Furebotn skal begge bidra til at heile klubben frå komande sesong er ein kvalitetsklubb.

- Målet er at Sogndal Fotball skal vera ein sertifisert kvalitetsklubb innan sesongen startar til våren, seier leiaren i breiddestyret, Karianne Bergheim.

Ei ny klubbhandbok blir eit viktig verktøy i satsinga. Klubbhandboka skal gi svar på alle viktige spørsmål om klubben. Den skal også fortelja korleis klubben skal drivast. Handboka skal dessutan gjera det enkelt for alle å finna ut kva som gjeld internt i klubben.

- Det er det dette kvalitetsklubb handlar om. Klubben skal vera sjefen, seier Karianne Bergheim,

Kvalitetsklubb er namnet på eit konsept for utvikling av norske fotballklubbar i regi av klubb, krins og forbund. Arbeidet med å utvikla kvalitetsklubb omfattar fire sentrale område:

  1. Aktivitet – til dømes sportsplan og rekrutteringsplan.
  2. Organisasjon – til dømes organisasjonskart, plassering av ansvar.
  3. Kompetanse – til dømes leiar- og trenarkompetanse.
  4. Samfunns- og verdiarbeid – til dømes retningslinjer barn/ unge, politiattestar.

Innafor kvart av desse områda må Sogndal Fotball oppfylla ein del krav. Når dette er på plass, blir klubben sertifisert som kvalitetsklubb.  

Slik vart aktiviteten i Sogndal Fotball organisert frå sesongen 2020
Slik vart aktiviteten i Sogndal Fotball organisert frå sesongen 2020

I Sogn og Fjordane er det i dag åtte fotball-klubbar som har status som kvalitetsklubb. Sogndal Fotball har sidan 2014 hatt som mål å bli kvalitetsklubb også i breiddefotballen.

Arbeidet vart starta av Morten Bøthun og Kirsti Møller Bruland, og er vidareført av Katrine Wolff Bolseth og Andrea Solbakken. Dette arbeidet blir no sluttført av det sitjande breiddestyret.

No blir det sett fart i arbeidet med å bli ein kvalitetsklubb. Henrik Furebotn, som jobbar med  klubbutvikling i Sogn og Fjordane fotballkrets, rettleiar no klubben fram til målet. Nyleg hadde han til dømes kurs med styret i Sogndal Fotball om prosjektet. 

- Klubbhandboka vil bli eit viktig dokument. Eg har stor tru på at det vil bli lett og oversikteleg for alle å vita korleis ting skal styrast i breiddefotballen, seier styreleiar Jan Rune Årøy i Sogndal Fotball.

Sogndal Fotball skal i framtida styrast etter sportsplan og klubbhandbok. I handboka skal folk finna alt frå visjon og verdiar i klubben til kven som er ansvarlege for dei einskilde saksområde og aktivitetar. Her skal folk også finna retningslinjer og tiltak i klubben det komande året.

- Jo meir tydeleg ein sportsplan og ei klubbhandbok er, jo lettare blir det for klubben å vera sjefen. Det er til dømes ikkje ein trenar i eit lag som skal styra kvar utviklinga går – det er klubben, seier Henrik Furebotn.

Målet er at klubbhandboka skal klargjera krav til alle – også foreldre. Handboka skal klart plassera kva som er ansvaret til sportsleg utval, trenarar og foreldre i breiddefotballen.

- Det vil til difor i framtida ikkje vera tvil om retningslinjene, seier Karianne Bergheim.

Henrik Furebotn seier satsinga på kvalitetsklubb har mange fordelar. Når ei sportsleg leiing er klar, kan breiddestyret retta fokus mot andre ting.

- Med eit godt rammeverk på plass vil også klubben bli mindre personavhengig. Klubben vil ha klare rammer for rollene. Om ein sluttar, kan dermed neste overta og halda fram i same jobben, seier Henrik.

Dette vil igjen gjera det lettare å rekruttera frivillige til breiddefotballen. I ei klubbhandbok vil folk lett finna kva som er dei konkrete arbeidsoppgåvene dei vil få.

Annonse fra Obos-ligaen: