Igoh har signert!

Den staute midtstopparen blir i kvitedrakta på permanent basis

Rosenborg BK og Sogndal Fotball er samde overgang for forsvarsspelaren Igoh Ogbu (f. 8. februar 2000). Midtstopparen har vore i Sogndal på lån frå trøndarane sidan sommaren i fjor.

Igoh Ogbu og Sogndal Fotball har signert ein avtale som strekkjer seg over dei neste tre åra. 

- Me er veldig glade for å ha fått denne signeringa i hamn, seier Håvard Flo. Han nyttar høvet til å takka Rosenborg, Igoh Obgu sjølv og agent for gode forhandlingar og godt samarbeid rundt overgangen.

Igoh kom til oss i fjor sommar på lån frå Rosenborg, og han markerte seg raskt som ein sterk og kompromisslaus forsvarsspelar. Han fekk tillit hjå trenarteamet og vidare mykje speletid i fjor haust.

Den positive utviklinga har fortsatt under årets oppkøyring, der han har teke rolla som sjefen i forsvaret. I dei siste treningskampane mot Molde og AaFK var han stor.
 

- Eg likar meg veldig godt i Sogndal, og no ser eg fram til tre gode år her! Eg trivast veldig godt både i klubben og i bygda, seier Igoh.

Trenar Eirik Bakke er glad for å ha med forsvarsspelaren vidare dei neste tre åra.

- Dette er ei veldig viktig signering! Når me kan henta ein så god spelar, viser me at Sogndal er ein attraktiv klubb. Med Igoh på plass permanent, bygger me tropp.

- Det er godt å få ei slik viktig brikke på plass. Igoh er ein svolten fotballspelar med eit stort potensial og som passar godt inn i profilen vår. No skal me utvikla han godt slik at han med tida tek steget vidare ut, seier Bakke.

Igoh Ogbu spelte 1304 minutt fordelt på16 kampar for oss i fjor haust. Han skåra eit flott mål borte mot Sandnes Ulf, og han tok for seg i duellane, noko to gule kort fortel oss. Han rakk og bli ein populær spelar bland heimepublikumet på Fosshaugane.

I treningskampane i år har han mura saman forsvaret, og hans entusiasme i spelet smittar over på resten av karane rundt. Med Igoh i laget skal me ikkje bli lette å skåra på!

Med Igoh på plass permanent har me sendt ut eit tydeleg signal om at det er noko på gang i Sogndal.

Annonse fra Obos-ligaen: