Informasjon frå Sogndal Fotball
Oppdatering om bekymringsmeldingar.
Sogndal Fotball har motteke bekymringsmeldingar som gjeld påstandar knytte til åtferda til trenar Luis Pimenta. Meldingane vert tekne på alvor og handterte i samsvar med klubben sine etablerte rutinar for bekymringsmeldingar, arbeidsmiljø og internkontroll.
For å sikre ei grundig, uavhengig og rettvis handsaming av saka engasjerte me tidleg ekstern ekspertise frå Svensson Nøkleby Advokatfirma ved advokatane Erik Flågan og Ronny van der Meij, for å bistå klubben i prosessen. Føremålet er å etablere eit best mogleg faktagrunnlag og sikre at alle involverte partar vert høyrde på ein forsvarleg måte. Me legg stor vekt på å ivareta dei tilsette sin rett til å seie frå på ein trygg og ryddig måte, samstundes som trenaren si rettstryggleik og krav på ein korrekt og ordna prosess vert tekne vare på.
Undersøkingane vert gjennomførte i tråd med gjeldande lover og reglar, samt anerkjend beste praksis. Av omsyn til personvern, arbeidsmiljø og den pågåande prosessen vil Sogndal Fotball ikkje kommentere saka nærare før undersøkingane er avslutta.
Me vil kome tilbake med oppdatert informasjon når det ligg føre eit tilstrekkeleg og avklara grunnlag for dette.
Styret
Konst. dagleg leiar
Sogndal Fotball viser elles til tidlegare pressemeldingar om saka. Desse finn du her og her.
Etter kampen mot Kongsvinger går A-laget ut i ferie fram til 16. juli, medan prosessen i klubben held fram.