Informasjon frå Sogndal Fotball

Informasjon frå Sogndal Fotball.

Sogndal Fotball vedtok tidlegare å gjennomføre eksterne undersøkingar på bakgrunn av mottekne bekymringsmeldingar og interne undersøkingar vedrørande hovudtrenar Luis Pimenta. Situasjonen som oppstod etter at Sogndal Fotball mottok bekymringsmeldingane, har vore belastande for både Pimenta og for Sogndal Fotball.

Sogndal Fotball har vore opptekne av, og har gjennomført, kvalitative prosessar i tråd med regelverket der alle involverte sine rettar har vore ivaretekne.

Den eksterne undersøkinga vart sett i gong så snart det let seg gjere å engasjere kvalifisert og uavhengig ekstern kompetanse til oppdraget, og er gjennomført i tråd med Advokatforeningen sine retningslinjer for ekstern gransking, ved hjelp av arbeidsrettsadvokatar med særleg ekspertise og erfaring frå slikt arbeid. Sogndal Fotball har heile vegen prioritert grundigheit og rettstryggleik for alle involverte framfor hurtige avgjerder. Rapporten og konklusjonane frå undersøkingane vert ikkje kommentert, då dette er personalsaker som er interne forhold.

Sogndal Fotball avslutta 07.09.2026 arbeidsforholdet til Luis Pimenta. Klubben kommenterer ikkje personalsaker i media, verken når det gjeld Pimenta eller andre tilsette.

Sogndal Fotball ønskjer å understreke at klubben skal vere ein arena der spelarar, trenarar og tilsette kan trivast og utvikle seg både fagleg og personleg. På generelt grunnlag har me nulltoleranse for åtferd som kan opplevast som diskriminering, forskjellsbehandling eller ekskludering.

Me arbeider no vidare med tiltak for å sikre eit godt arbeidsmiljø, og rettar merksemda framover mot det sportslege arbeidet og å skape gode resultat for klubben etter ein krevjande periode. Me vil styrkje arbeidet med å forankre ein positiv og inkluderande kultur, der me støttar og utfordrar kvarandre på ein positiv måte. Me skal vere tydelege på kva Sogndal Fotball står for.

Sogndal Fotball har forståing for at det er stor interesse for saka, og at mange ønskjer meir informasjon. Som arbeidsgivar er klubben likevel bunden av teieplikt og omsyn til personvernet til dei involverte, og kan difor ikkje gå nærare inn i detaljar frå ei personalsak. Me ber om forståing for at dette omsynet må vege tyngre enn ønskje om ytterlegare informasjon.

Ut over dette har Sogndal Fotball ingen ytterlegare kommentarar på noverande tidspunkt.

Styret
Dagleg leiar 

Annonse fra Obos-ligaen: