
Innkalling til årsmøte 2025
Her kjem innkalling til årsmøte i Sogndal Idrettslag Fotball
Det vert med dette kalla inn til ordinært årsmøte i Sogndal Idrettslag Fotball onsdag 12. mars klokka 18:00.
Møtet vert halde i auditorium ved stallen i Stadionbygg Campus Sogndal.
Innkomne saker må vera i hende styret på e-post til [email protected] innan 26. februar.
Årsmøtet er ope for alle, men berre medlemmar i Sogndal Idrettslag har røyste- og talerett. For å ha røysterett på årsmøtet må eit medlem ha fylt 15 år, ha vore medlem i minst 1 månad, og ikkje skulde laget kontingent. Årsmøtedokument vil bli delt på heimesida 2 veker før årsmøtet. Velkommen!
STAO NO PAO!