
Isaac Twum har signert
Midtbanespelaren blir i Sogndal dei tre neste åra
Sogndal Fotball og Mjøndalen IF er samde om ein overgang på midtbanespelaren Isaac Twum (f. 14. februar 1998).
Sogndal Fotball og Isaac Twum har signert ein avtale som strekkjer seg fram til 1/8 2025.
- Etter lengre tids jobbing, lukkast det endeleg å få sikra seg signaturen til Isaac. Me er veldig glade for at han valde oss då me har sett etter ein slik type spelar, seier Håvard Flo.
- Isaac vil komplimentere midtbana fint med dei andre, og med sin sterke signatur vil han vera ein defensiv kraft og stabilisator, samt ein offensiv ballfordelar med resten av laget, seier Flo
Isaac er fra Ghana, og kom til Norge og Start januar 2018. Etter nesten tre år på Sørlandet gjekk vegen vidare til Mjøndalen, der han har vore ei viktig brikke. No ville han ta nye steg i karrieren og oppleva nye impulser i eit nytt miljø.
Sidan 2018 står Isaac med 54 kampar og eitt mål for Start - og han har spelt 55 kampar og skåra tre mål for Mjøndalen.

- Det er utruleg kjekt at Isaac er her no og me ønskjer han velkomen til oss! No gler me oss veldig til å bli betre kjent med denne fine guten, avsluttar Håvard Flo.