Jamal Haruna lånast ut
Midtstopparen skal spele første halvdel av sesongen i Sandnes Ulf. A-laget
Sogndal og Sandnes Ulf er samde om ein utlånsavtale for midtstoppar Jamal Deen Haruna fram til 13. juli 2026.
– Jamal er ein god spelar som gir av seg sjølv både på og utanfor bana. No får han høve til å ta med seg desse eigenskapane til Sandnes. Vi håpar han kjem godt i gang, set seg sjølv på kartet igjen og blir ein viktig ressurs for dei i årets Obos-liga, seier Håvard Flo, ansvarleg for spelarlogistikk.
Haruna er ein duellsterk midtstoppar med god fysikk, som vart signert frå Raufoss sommaren 2024. Han spelte resten av sesongen på utlån i same klubb.
I praksis kom Jamal dermed først til Sogndal før fjorårssesongen. Han spelte totalt 17 kampar i fjor, men dei fleste som innbyttar. For å sikre vidare utvikling og speletid vart me samde om eit utlån til Skeid.
I vinter har Jamal jobba godt, men konkurransen på stopparplass er framleis tøff. Hjå divisjonskollega Sandnes Ulf får han ei god moglegheit til meir speletid på høgt nivå.
– Med eit utlån til Sandnes Ulf får Jamal større moglegheiter til å spele førstelagsfotball, noko som er veldig positivt for alle tre partar. Me ønskjer Jamal lukke til i Sandnes, seier sportssjef Terje Skjeldestad.
Me ønskjer Jamal masse lukke til i Sandnes Ulf.