Jarik Sundling kjem på lån frå Sarpsborg 08!

Sogndal Fotball og Sarpsborg 08 har i dag inngått ein låneavtale ut året på keeper Jarik Sundling, då vår keeper Daniel Gjerde Sætren er ute med skade på ubestemt tid. 
Skaden til Daniel er ikkje alvorleg, men Daniel må nok belage seg på ein rehabiliteringsperiode utover hausten.
Grunnen til at me må hente inn ein erstattar på dispensasjon, er at me no berre står igjen med Renze Fij på profesjonell kontrakt.

Jarik er ein ung og spennande keeper som stod mellom stengene for Sarpsborg 08 i 3-0 sigeren over Odds Ballklubb i midten av august. Jarik sluttar seg til laget i dag og vil vera i kamptroppen allereie mot Fredrikstad på søndag.

I forbindelse med utlånet, vil me takke Sarpsborg 08 for å hjelpa oss i ein vanskeleg situasjon. Me håpar at opphaldet skal bli både kjekt og utviklande for Jarik.

Meir utfyllande intervju med Jarik vil komme seinare.

Velkommen Jarik!

STAO NO PAO!

Bilde lånt frå Annika Byrde/NTB

Annonse fra Obos-ligaen: