Jerv - Sogndal

Levermyr Stadion - Avspark klokka 18:00

Når domaren bles i fløyta for siste gong i kveld, er me halvvegs i årets seriespel. Uansett korleis det måtte gå i dagens kamp; me kan, med svært få unntak, sjå tilbake på ein veldig flott sesong så langt!

Me skal spela på ein stadion i dag kor me ikkje har henta full pott so langt under Eirik Bakke. Trenaren vår er nok veldig klar for å putta tre poeng i bagasjerommet på bussen før den lange vegen heimatt i natt.

Me var veldig nære i fjor, då hadde me sigeren i lomma, men så langt på overtid kom utlikninga, noko som var det siste som skjedde i den kampen. I år skal me ta dei!


Jerv fekk skikkeleg juling i siste serierunde. 

- Me skal møta eit såra dyr!" seier Eirik, og det betyr det same mantraet: Me må vera påskrudde frå start og ha arbeidshanskane på - vera tøffe i hovudet og me må flytta bein. Det bur veldig mykje i denne gjengen, og karane vil og skal ha med seg dei tre poenga på bussen heimatt.

Sjå også: Oppsummering etter runde 14

Ein som ikkje har vunne mot Jerv nokon gong er Axel Kryger. Han har møtt sørlendingane fleire gonger i Ulf-drakta. I år er det på tide med full pott mot Grimstad-laget.





Endre Kupen tok ein kjapp prat med Martin Ove Roseth og Kristoffer Hoven etter treninga fredag, tre spelarar som på kvar sin måte har prega denne positive sesongstarten i år.

Det ser ut til at me får eit gjensyn med somaren i Grimstad. Yr snakkar om Indian summer, og me kan få oppleva årets siste somardag på Sørlandet. Under kampen skal det vera sol og behagelege 20 grader!

Slik går kampane i den 15. serierunden
 

Me gler oss til kamp!

Annonse fra Obos-ligaen: