Joakim Berg Nundal er signert!

Nundal (17) har signert si første proffkontrakt for Sogndal Fotball

Joakim Berg Nundal har fått si første proffkontrakt! Årdølen som byrja karrieren sin som småputt i Jotun klubben frå Årdal, og seinare i Årdal senior har no teke store steg mot proffdraumen sin.

Joakim fortel sjølv at dette er veldig stort, ein draum han har hatt sidan han var miniputt!

27df462e-44be-4d8c-9cdd-94b37270a2d1.JPG
Joakim Berg Nundal, her med Martin (høgre) og Nils Tore (venstre) frå utviklingsavdelinga

Kontrakten strekkjer seg ut året 2025, så 2 og eit halvt år for dei som er like dårleg i matte på sparket som meg. 17 åringen som fyller 18 i oktober studera helse på vidergående i tilegg til å nå vera eit fast tilskot i A stallen. Karrieren til Nundal i Sogndal Fotball byrja med hospitering i nasjonale g.16 som kom til skandinavisk i 2021. Han var også med når dei vart inviterte på Gotia Puma Trophy i 2022. Han melde offisiell overgang til Sogndal Fotball inn mot vårsesongen i år (2023)

Joakim er først og fremst eit fantastisk stå på menneske, han er godt likt i gruppa med sine «årdøler trekk» som tek stor plass på ein veldig positiv måte. Han er kva me kallar ein 100 prosent spelar som har mykje energi. Han gir alt heile vegen og har nase for å lukta skåringar. Som spelar er han eit naturtalent til å setja opp andre like mykje som han finn rom til å skåra sjølv fortel Nils Tore Krosshaug. Kant/spiss spelaren er ein spelar som vart oppdaga relativt seint, og har teke enorme steg dei siste åra både hos Årdal og her i Sogndal.

Fun fact; han har ikkje vore innom kretslag, og er no proff spelar i ein alder av 17?!

JoakimBergNundal2.jpeg
Joakim når han spelte i Årdal Foto: lånt av Kristine Haglund, Porten

Nundal vart henta frå Jotun som har barnefotballen i Årdal, opp til Årdals senior lag når han var 15 år i 3.divisjon. Me snakka med trenar for Årdal Morten Bransdal som unner ungguten å få belønning for alt han har lagt inn i fotballen so langt. «Joakim er ein godt opplært årdøler som vart oppdaga litt seint, han måtte jobba hardt for det i motsetning til andre som har litt løft frå krets samlingar og diverse. Han hadde ganske god utvkling i Årdal siste tida si her, og då var me ganske trygg på at han kom til å forsvinna ganske fort. Det er veldig kjekt for oss i Årdal som driv i nivået vårt å klara nok eingong å levera ein spelar til toppfotballen.» Årdal som har levert fleire spelarar både til Sogndal og andre store klubbar som Brann og Sarpsborg satsar veldig lokalt. Dei kjempar no i toppen av 4 divisjon, og det etter at dei har sendt vidare 3 spelarar. Dei er veldig opptekne av at det er lagkjensla og samhaldet som skaper gode enkeltspelarar. Det er med på å halda spelarar lengre frå barne/ungdomsfotballen vidare inn til senior fotball òg.

 Endå ein funfact er at Årdal får eigen serie på TV2, det blir veldig spennande å følgja med på!

4c9bf727-6233-456a-a346-426ed9fcfe99.JPG
Håvard Flo er nøgd med å kunne gje Joakim si fyrste proffkontrakt

Håvard Flo fortel etter signeringa «Det er utruleg kjekt å tilby Joakim sin første proffkontrakt og at han no kan kalla seg offisielt for profesjonell fotballspelar. Han sluttar seg til A stallen på permanent basis. Joakim har vore på klubbens B liste sidan overgangen sin i vår, og gjennom prestasjonane sine og gode utvikling, får no moglegheita saman med A stallen. Joakim har teke store steg i utviklingsavdelinga vår og i Årdal før det. Dette er endå eit bevis på kor viktig det er at me har fokus på utviklingsarbeidet vårt i klubben, og ikkje minst på dei lokale spelarane rundt om. Det er viktig å skapa slike moglegheiter for unge lokale spelarar. Me i Sogndal Fotball er veldig stolte over å gi Joakim Nundal denne moglegheita og gler oss til å sjå han ta endå fleire steg i klubben! Me vil også retta ein stor takk mot Jotun og Årdal for godt samarbeid, og at dei endå eingong er med å fostra opp lokale talent.»

Joakim Berg Nundal har akkurat no "takeover" på instagram, der kan du stille han spørsmål og gratulere han med kontrakt!

STAO NO PAO!

afe911a3-dded-4dd1-b456-db6e4e0876db.JPG

 

Annonse fra Obos-ligaen:
Publisert: 22.08.2023, oppdatert: 24.08.2023
Skrive av: thomas-torjusen